Norsk PEN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk PEN
Org.nummer983886760
Skipa20. oktober 1922

Norsk PEN (eller Norsk P.E.N.) er ei avdeling av International PEN.[1] Den internasjonale organisasjonen vart stifta i 1921, og den norske avdelinga vart stifta i 1922 av Johan Bojer.[1] Foreininga er ei litterær foreining og ei kampforeining for forfattarar og andre skribentar si rett til ytringsfridom, slik han er nedfelt i Menneskerettsfråsegna § 19, i den norske grunnloven § 100 og i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Noreg er tilslutta.

Foreininga delar ut Ossietzky-prisen og koordinerer arbeidet med fribyforfattarane.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Kjersti Løken Stavrum vart vald til leiar i april 2019.[2]

Tidlegare leiarar er mellom anna William Nygaard (til 2019), Anders Heger, Toril Brekke (1992-1997) og Per Egil Hegge (1985-1988).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om Norsk PEN». Norsk PEN (bokmål). Henta 10. august 2020. 
  2. «Kjersti Løken Stavrum valgt til ny leder i Norsk PEN». Norsk PEN. Henta 24. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]