William Sturgeon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William Sturgeon
William Sturgeon.jpg
Fødd22. mai 1783
Whittington
Død4. desember 1850
Prestwich
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkefysikar, oppfinnar
Sturgeons magnet med 16 viklingar av bar kopartråd på ei lakkert jernstong.

William Sturgeon (fødd 22. mai 1783 i Whittington i Lancashire i England, død 4. desember 1850 i Prestwich i Lancashire) var ein britisk fysikar. Han konstruerte i 1824 den første brukbare elektromagneten. Sturegon tente ikkje på oppfininga si, og døydde fattig.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sturgeon var son av ein skomakar i Lancashire. Tretten år gammal vart han skomakarlærling, men verva seg i Westmorland Militia og var frå 1804 til 1820 ved artilleriet. I fritida si lærde han seg matematikk, latin, gresk og naturvitskap. Etter militærtenesta slo han seg ned i Woolwich som skomakar, der han òg eksperimenterte med elektrisitet og laga sine eigne instrument.

I 1824 vart Sturgeon utnemnt til lektor i eksperimentell naturvitskap ved Det britiske austindiske kompaniet si militære utdanning i Addiscombe. Han byrja i 1836 med eit eige tidskrift, Annals of electricity, magnetism, and chemistry. I 1840 vart han utnemnt til sjef for Royal Victoria Gallery of Practical Science i Manchester. Men nokre år seinare hadde både Gallery og tidskriftet opphøyrt. Dei siste åra av livet sitt livnærte han seg som timelærar ved ulike utdanningsstader rundt Manchester. Han fekk eit stipend på 200 pund og i 1849 ein årleg pensjon på 50 pund, men han døydde 1850.

Verk[endre | endre wikiteksten]

William Sturgeon utvikla det første elektrodynamiske galvanometeret og den første brukbare elektromagneten i 1824.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]