Arntor
Utsjånad
| Arntor Studioalbum av Windir | ||
| Språk | norsk, engelsk | |
| Utgjeve | 11. oktober 1999 | |
| Innspelt | August - oktober 1999 | |
| Sjanger | Svartmetall Folk metal Sognametall | |
| Lengd | 46:09 | |
| Selskap | Head Not Found Voices of Wonder | |
| Produsent | Pytten, Terje Bakken | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Windir-kronologi | ||
| Sóknardalr (1997) |
Arntor | 1184 (2001)
|
Arntor er det andre studioalbumet til Windir, ei norsk svartmetallgruppe frå Sogndal. Albumet vart utgjeve i oktober 1999, gjennom plateselskapet Head Not Found. Arntor skil seg ifrå andre Windir-album, sidan Valfar er den einaste medverkande, utanom trommer. Bandet fekk mykje kritikk av bruken av eit gamalt NS-bilete som plateomslag. Songane er som på Sóknardalr: Dei omhandlar historier, segn og eventyr frå Sogn. Spesielt songen «Svartasmeden og Lundamyrstrollet» er opphavleg eit gamalt eventyr ifrå Sogndal, nedskrive av Asbjørnsen og Moe.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Byrjing» (The Beginning) | 3:17 |
| 2. | «Arntor, ein windir» (Arntor, a Warrior) | 6:56 |
| 3. | «Kong Hydnes Haug» (The Burial Mound of King Hydnes) | 6:37 |
| 4. | «Svartasmeden og Lundamyrstrollet» (The Blacksmith and the Troll of Lundamyri) | 9:02 |
| 5. | «Kampen» (The Struggle) | 6:36 |
| 6. | «Saknet» (The Longing) | 10:03 |
| 7. | «Ending» | 3:38 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Valfar – gitar, bassgitar, guttural vokal, synthesizer, trekkspel
- Steingrim – perkusjon
- Steinarson – rein vokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Arntor» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.