Wolfgang Wenzel Haffner
| Wolfgang Wenzel Haffner | |||
| | |||
| Fødd | 23. november 1806 Kristiania | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. november 1892 (85 år) | ||
| Statsborgar av | Norsk | ||
| Parti | partilaus | ||
| Yrke | Offiser og lærar | ||
| Far | Johan Friedrich Wilhelm Haffner | ||
| Barn | Wilhelm Haffner | ||
| Verv | Marineminister 1861-1869 Konstituert statsminister i Stockholm frå 21. mars til 2. april 1884. | ||
| Alle verv |
| ||
Wolfgang Wenzel von Haffner (23. november 1806–11. november 1892) var ein norsk offiser og marineminister frå 1861 til 1869 og konstituert statsminister i Stockholm frå 21. mars til 2. april 1884.
Haffner var i marinen frå 1824 til 1839 og blei deretter privatlærar for borna til Oskar I i ni år. Frå 1848 til 1861 fortsette han den militære karrieren og blei kommandør. Han var deretter marineminister frå 1861 til 1869, i regjeringa Stang. Han trekte seg frå embetet etter mistillit frå Stortinget. I samband med overgangen mellom regjeringa Selmer og regjeringa Schweigaard i 1884 vart Haffner konstituert som norsk statsminister i Stockholm frå 21. mars til 2. april 1884.
Dekorasjonar
[endre | endre wikiteksten]Haffner var innehavar av St. Olavs orden, Sverdordenen og var Dannebrogordenen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Wolfgang Wenzel Haffner ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- O. Delphin Amundsen: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, Grøndahl & Søns Forlag 1947
- Biografi frå regjeringa.no