Jacob Stang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Stang
Jacob Stang.png
Fødd 17. november 1830
Død 1. mars 1907
Jacob Stang på Commons

Hans Georg Jacob Stang (17. november 18301. mars 1907) var ein jurist, embetsmann og politikar. Han var statsminister i Stockholm 1888-89. Han var gift med Anna Stang og dei var foreldre til Georg Stang.

Stang var presteson, fødd i Nannestad. Han vart student frå katedralskulen i Christiania i 1848 og vart cand. jur. i 1852. Deretter fullmektig hos Bernhard Dunker, før han i 1859 etablerte eigen praksis som overrettssakførar på Kongsvinger. Attåt sakførargjerninga var han 1860-70 redaktør av Hedemarkens Amtstidende. Åra 1878 til 1884 var han byrettsdommar i Kristiania.

Stang vart trekt inn i politikken som medlem av regjeringa Sverdrup i 1884. Han var statsråd frå 1884 til 1889. Fyrste tida, 1884-85, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Sidan, 1885-86, var han indreminister, 1886-87 atter i Stockholm, 1887-88 justisminister og til sist Noregs statsminister i Stockholm 1888-89.

Etter regjeringsskiftet i 1889 var Stang stiftamtmann i Kristiansand og amtmann i Lister og Mandals amt til 1906.

Stang var stortingsrepresentant for Høgre frå Flekkefjord 1892-94. Han var medlem av Lagtinget samt gasje- og pensjonskomiteen.

Han vart i 1885 av kongen utnemnd til riddar av St. Olavs orden, 1891 forfremja til storkors «for fortjenstlig Embedsvirksomhed». Stang var 1888-89 kanslar for St. Olavs orden. Han var også innehavar av storkors av Dannebrogordenen og storkors av Nordstjerneordenen.

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]