Mathias Sommerhielm
Utsjånad
| Mathias Sommerhielm | |||
| | |||
| Fødd | 22. august 1764 Kolding | ||
|---|---|---|---|
| Død | 15. november 1827 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, jurist, dommar | ||
| Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
| Ektefelle | Frederica Dorothea Sehested, Henriette Hermine Fuglberg, Christine Marie grevinne Lewenhaupt | ||
| Alle verv |
| ||
Mathias Otto Leth Sommerhielm (fødd 22. august 1764 i Kolding i Danmark, død 15. november 1827 i Stockholm, Sverige)[1] var ein dansk embetsmann og politikar. Frå han i 1789 vart utnemnd til dommar i Overhoffretten i Kristiania var heile karrieren hans knytt til Noreg.[2] Han var Noregs andre statsminister i Stockholm, der han overtok etter Peder Anker i 1822.
Da Kristian Fredrik kom til Noreg som statthaldar i 1813 knytte han Sommerhielm til seg som rådgjevar. I februar 1814 var Sommerhielm med på stormannsmøtet på Eidsvoll. Frå same år var han medlem av den norske regjeringa, i periodar som justisminister.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Sommerhielm var innehavar av Dannebrogordenen, Nordstjerneorden og Serafimerordenen.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Mathias Otto Sommerhielm frå Norsk biografisk leksikon
- ↑ Mathias Sommerhielm frå Regjeringen.no