Worried Life Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worried Life Blues
Singel av Big Maceo
B-side

«Texas Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 1941
Innspelt Chicago, 24. juni 1941
Sjanger Blues
Lengd 2:51
Selskap Bluebird (no. B 8827)
Låtskrivar(ar) Ukjend
Produsent Lester Melrose
Big Maceo-kronologi 
Worried Life Blues «Tuff Luck Blues»/«It's All Up To You»
(1941)


«Worried Life Blues» er ein bluesstandard og ein av dei mest innspelte bluessongane gjennom tidene. Han vart opphavleg spelt inn av Major «Big Maceo» Merriweather i 1941 og «Worried Life Blues» var ein tidleg blueshit og den mest kjende songen ti Maceo. Ein tidlegare song var inspirasjonskjelda og fleire artistar har hatt suksess med tolkingar av denne songen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Worried Life Blues» er basert på «Someday Baby Blues» er innspelt av Sleepy John Estes i 1935.[1] Estes-songen vart framført som ein countryblues med song og gitar, medan Maceo-songen er ein prototypisk Chicago blues.

Big Maceo spelte inn «Worried Life Blues» 24. juni 1941, kort tid etter han kom til Chicago.[2] Lester Melrose produserte songen og det vart den første singelen til Maceo på Bluebird Records. Songen er i middels tempo og ein 8-taktsblues med Maceo på vokal og piano, akkompagnert av samarbeidspartnaren og gitaristen Tampa Red med Ransom Knowling på bass. Musikkskribenten Keith Shadwick identifiserer songen som ein stor hit[2] og blueshistorikaren Jim O'Neal skreiv at han «overgjekk songen som han var inspirert av».[1][3] Fleire andre utgåver følgde kort tid etter, mellom andre av Bill Gaither (1941), Sonny Boy Williams (1942), og Honeyboy Edwards (1942). I 1945 spelte Maceo inn ein ny versjon med meir tekst, og igjen vart han akkompagnert av Tampa Red. Denne vart kalla «Things Have Changed», og nådde fjerdeplassen på Billboard's Race Records-lista.[4]

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

«Worried Life Blues» vart tidleg ein bluesstandard[5] og var blant dei første songane som vart innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i 1983 som ei «klassisk bluesinnspeling».[1] I 2006 fekk songen ein Grammy Hall of Fame Award.[6] I løpet av åra har mange artistar spelt inn «Worried Life Blues» eller ein blanding av denne, «Someday Baby Blues», og andre element,[7] og han er blitt ein av dei mest innspelte bluessongane gjennom tidene.[2]Charles Brown omarbeidde songen til ein West Coast bluessong kalla «Trouble Blues», vart han ein av dei største hittane i 1949 og låg 15 veker på toppen av Billboard's Race Records/Rhythm & Blues Records-lista.[8] I 1955 spelte Muddy Waters inn songen som «Trouble No More» i ein Chicago blues-stil og denne nådde sjuandeplassen på R&B-lista.[9] Junior Parker spelte inn songen i 1969 og då nådde han 34. plassen på lista.[10] B.B. King gjekk inn på 48. plassen på singellista i 1970 med «Worried Life» (opphavleg spelt inn som «Someday Baby» i 1960).[11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 O'Neal, Jim (November 10, 2016). «1983 Hall of Fame Inductees: Worried Life Blues – Big Maceo (Bluebird, 1941)». The Blues Foundation. Henta 4. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Shadwick, Keith (2007). «Big Maceo». The Encyclopedia of Jazz & Blues. London: Quantum Publishing. s. 237. ISBN 978-0-681-08644-9. 
  3. Både «Someday Baby» og «Worried Life» vart gjevne ut før Billboard eller liknande tenester byrja å registrere slike utgjevingar.
  4. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 42. ISBN 0-89820-068-7. 
  5. Dahl, Bill (1996). «Big Maceo Merriweather». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 192. ISBN 0-87930-424-3. 
  6. «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». Grammy.org. 2006. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 4. juli 2017. 
  7. Herzhaft, Gerard (1992). «Someday, Baby». Encyclopedia of the Blues. Fayetteville, Arkansas: University of Arkansas Press. s. 471. ISBN 1-55728-252-8. 
  8. Whitburn 1988, p. 57.
  9. Whitburn 1988, p. 435.
  10. Whitburn 1988, p. 319
  11. Whitburn 1988, p. 239.
  12. B.B. King spelte songen òg inn i 1970 som «Ain't Gonna Worry My Life Anymore» for Indianola Mississippi Seeds og i 2000 med Eric Clapton for Riding with the King.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]