Wourielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wourielva
elv
Land  Kamerun
Kart
Wourielva
4°05′00″N 9°42′00″E / 4.0833305555556°N 9.7°E / 4.0833305555556; 9.7
Wikimedia Commons: Wouri River
Nkam-elva

Wouri (også Vouri eller Vuri) er ei elv i Kamerun. Kamerun har mange vassfar, og blant desse er to store elver, Sanaga, den lengste på cirka 525 km,[1] og Wouri, den største. Wouri blir danna ved samløpet til elvane Nkam og Makombé, 32 kilometer (20 mi) km nordøaut for byen Yabassi. Ho renn deretter rundt 160 kilometer (99 mi) km søraust til Wouri-estuaret ved Douala, den største hamna og industribyen i den sørvestlege delen av Kamerun ved Guineabukta. Elva er farbar kring 64 kilometer (40 mi) km oppover frå Douala.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Den portugisiske sjøfarararen og utforskaren Fernão do Pó var truleg den fyrste europearen som utforska munningen av Wouri, rundt år 1472. Utforskarane merka seg ein overflod av hummeren Lepidophthalmus turneranus i Wouri-elva og kalla henne Rio dos Camarões, portugisisk for 'rekeelva', som namnet på landet Kamerun er avleidd frå. «Rio dos Camarões» blei seinare til «Camarones» då spanjolane kom til staden. Då det tyske protektoratet i landet tok til i 1884, blei namnet endra til «Kamerun», før Versailles-traktaten sette landet under fransk og engelsk styre i 1919 under namnet «Cameroon».[2]

Strand ved Seme i Kamerun.
Ngondobod på Wouri

Bruer[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste brua[endre | endre wikiteksten]

Wouri-brua

På 1950-talet, under kolonitida, bygde franskmennene ei bru på 1 km over elva. Dette var den lengste brua i den sentralafrikanske regionen. Brua knyter saman Douala med byen Bonabéri og er ikkje berre av stor økonomisk tyding for vestlege Kamerun, med transport av bil, lastebil og tog, men er òg eit viktig middel for internasjonal handel for land som Tsjad og Den sentralafrikanske republikken.[3] Sidan 2004 har brua vore gjennom ei stor rehabilitering. Ho hadde opphavleg ein kapasitet på 2000 fargreier per dag, men kan no ta over 45000 fargreier kvar dag.[4]

Den andre brua[endre | endre wikiteksten]

Den andre brua over elva Wouri, like etter oppføring.

Den andre brua over Wouri er 756 m lang og 34 m brei, med fem køyrefiler og ei jernbanelinje.[5] Ho hadde ein kostnad på nesten 141,6 milliardar CFA.[6] Brua blei bygd av det fleirnasjonale anleggsføretaket SOGEA SATOM og finansiert av den kamerunske regjeringa og eit lån frå den franske regjeringa. Bygginga av brua er rekna som viktig for kamerunsk økonomi og for handel i den sentralafrikanske regionen gjennom å opna for verda gjennom Kamerun og nærleiken til Atlanterhavet.[3]

Byggearbeidet byrja i 2013, med ei planlagd ferdigstilling i 2018.[5] Ho blei delvis opna for offentleg ferdsel i 2017,[7] og offisielt opna av den franske utanriksministeren i 2019.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sanaga River | river, Cameroon». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 18. september 2018. 
  2. Rubin, Don (1994). The World Encyclopedia of Contemporary Theatre: Africa (på engelsk). Taylor & Francis. ISBN 9780415059312. 
  3. 3,0 3,1 Kindzeka, Moki Edwin. «Second Major Bridge to be Built over Cameroon's Wouri River». VOA (på engelsk). Henta 18. september 2018. 
  4. Kindzeka, Moki Edwin. «Second Major Bridge to be Built over Cameroon's Wouri River». VOA (på engelsk). Henta 20. september 2018. 
  5. 5,0 5,1 «At the edge of a delta: the second bridge over the Wouri - Douala (Cameroon)», Terrasol (på engelsk), 9. desember 2017, henta 30. juli 2023 
  6. Tourism, Business in Cameroon, Economie, Banking, Energy, Comms, Media, Law, Insurance, Public management. «Cameroon: The second bridge on the Wouri partially commissioned - Business in Cameroon». Business in Cameroon (på engelsk). Henta 20. september 2018. 
  7. «Cameroon: 2nd Wouri Bridge - Jubilation Over Opening» (på engelsk). allAfrica.com. Henta 30. juli 2023. 
  8. «French Foreign Minister in Cameroon to inaugurate second Bridge over River Wouri –», journalducameroun.com, henta 30. juli 2023