Wupper
| Wupper | |||
| elv | |||
Wupper under Schwebebahn | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 827 km² | ||
| Lengd | 113 km | ||
| Middelvassføring | 15,4 m³/s | ||
| Kjelde | Sauerland | ||
| • høgd | 441 moh. | ||
| Munning | Rhinen | ||
![]() Wupper 51°05′43″N 7°35′50″E / 51.095278°N 7.597222°E | |||
| Wikimedia Commons: Wupper | |||
Wupper er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring nær Marienheide vest i Sauerland. Den øvre leia vert kalla Wipper. Elva er 113 km lang og renn gjennom byen Wuppertal der svevebanen Schwebebahn Wuppertal følgjer elva, like over elveleiet. Elefanten Tuffi hoppa i elva frå Schwebebahn 21. juli 1950.
Elva er ikkje framkommeleg for båtar og ligg i det tidlegare Hertugdømet Berg. Før industrialiseringa vart vatnet nytta i garveri. Tidleg industrialisering nytta seg av dei mange bekkane som renn ut i Wupper til vasskraft.
Elva vert kryssa av den høgaste jernbanebrua i Tyskland nær Müngsten mellom Remscheid og Solingen. Eit par kilometer lenger ned ligg Schloss Burg på ein ås ovanfor elva. Elva munnar ut i Rhinen i Leverkusen, sør for Düsseldorf.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Wupper frå Engelsk Wikipedia .
