Yaneshafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yaneshafolket)

Yaneshafolket (yanesha: vi menneske) òg kalla yaneshaindianarar, tidlegare ofte kalla amuesha, er ei folkegruppe ved Palcazúvassdraget sentralt i Oxapampaprovinsen i Pascoregionen i Peru. Det finst 4000-5000 yaneshafolk spreidd på ca. tretti små landsbyar. Det politiske og administrative senteret deira ligg i byen Villa América, 500 moh. Dette er lengst vest i regnskogen i Amazonas, ved foten til Andesfjella, grovt rekna 300 kilometer nordaust for Lima. Tradisjonell næringsveg for folket er svibruk for dyrking av maniok, poteter, koka, peanøtter og anna.

Yaneshafolket skil seg frå andre samfunn i området i språk og religionsutøving. Språket yanesha er eit arawakspråk, medan fleire andre folkesetnadar i provinsen nyttar quechua, eit språk som ikkje er i same språkfamilien. Dei fleste yaneshaer er protestantar i kontrast til folkesetnadane i omlandet som høyrer til katolsk trusretning. Yaneshafolket er berre ei av ca. 50 ulike folkegrupper i regnskogen i Peru som utgjer ein samla folkesetnad på ca 300 000–400 000 menneske.

Merkeår i yaneshahistoria frå ca. 1635[endre | endre wikiteksten]

  • 1635 Fransiskanarmunkar med soldatar måtte trekke seg attende fleire gonger under uro i området.
  • 1742 Alle prestar, misjonærar og militære blei kasta ut frå yaneshafolket sitt territoriet.
  • 1880 Ein koppeepidemi hadde svekka folkesetnaden, fransiskanarmunkar kom inn igjen, yaneshafolket vart fortrengt og mista delar av ressursane sine.
  • 1950 Nordamerikanske protestantiske misjonsorganisasjonar kom til området, menneska i folkesetnaden reknar seg som enten adventistar eller evangelistar.
  • Fram til 1956 var det i bruk tempel i skogen, leiarane cornesha, var religiøse, politiske og personlege orakel. Så seint som på 1980-talet kunne ein observere synkretisme mellom tradisjonell religion og kristendom.
  • 1988 Eit folkereservatet blei oppretta for yaneshafolket i øvre, sørlege område deira for å verne fauna og flora og gje folket særrett til ressursane og utvikle velferda deira.
  • 2001 Ein nordamerikansk møbelprodusent har skipa ein «ikkje-profitt» organisasjon for å hjelpe nokre av yaneshalandsbyane til å utvikle og produsere kommersielle produkt med bruk av lokale ressursar, særleg frå trevirke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]