Maniok
Maniokplante | |
![]() Maniokplante | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae |
Slekt: | Manihot |
Art: | Maniokplante M. esculenta |
Vitskapleg namn | |
Manihot esculenta |
Maniok (Manihot esculenta) eller kassava er ein buskvekst i vortemjølkfamilien som blir dyrka som matplante. Arten kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men er blitt svært populær i andre tropiske område.[1] I dag er Nigeria den største produsenten i verda.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet «maniok» er avleidd frå tupiordet manioka eller eit nærskyld ord i andre tupianske språk.[2] Nemninga kassava eller cassava, kjem frå det karibiske språket taino (caçábi, casávi, cazábbi eller cassáve).[3] Ei anna nemning på planten er yuca eller yucca, frå karibspråk.[4]

Skildring
[endre | endre wikiteksten]Planten blir som regel rundt 2 meter høg. Han har handflika blad.[1] Rotknollene veg rundt 2 kg, men kan bli opptil 10 kg. Dei er avlange og har korkaktig, brunt skal og lyst og saftig fruktkjøt som inneheld maniokstive, brasiliansk arrowrot.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Ein dyrkar maniok på store jorde omtrent som potet. Planten kan formeirast ved å ta stiklingar.[1]
Heile planten inneheld det giftige glykosidet linamarin, som ein kan øydeleggja gjennom koking, damping eller steiking. Ein kan også foredla rotknollen i stivefabrikkar og bruka produktet til brød og anna bakverk, eller til framstilling av tapioka (uekte sagogryn). Kassava kan brukast i ulike rettar som suppe, stuing og grautaktige rettar som ugali og fufu. Mange stader er rota basiskost.
I ein del område der maniokplanten veks blir også blada brukte i kosthaldet. Desse inneheld 30–40 % protein i tørrstoffet, medan røtene berre inneheld rundt 0,5 %.[1]
Oppmale til mjøl utan vidare foredling blir maniok òg brukt til dyrefôr.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «maniok». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
- ↑ «manioc», Oxford English Dictionary (på engelsk), henta 29. august 2019
- ↑ «cassava», Oxford English Dictionary (på engelsk), henta 29. august 2019
- ↑ «yucca | yuca, n.», Oxford English Dictionary (på engelsk), henta 29. august 2019