Yasmani Copello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yasmani Copello
09131 Yasmani Copello.jpg
Fødd 15. april 1987
Havanna
Yrke friidrettsutøvar
Yasmani Copello på Commons

Yasmani Copello Escobar (fødd 15. april 1987) er ein cubansk-fødd hekkeløper som representerer Tyrkia.[1]

Copello representerte Cuba mellom anna i CAC-meisterskapen i friidrett i 2008 og 2009. Han flytta til Tyrkia i 2012, fekk tyrkisk statsborgarskap i 2013, og vart klarert av IAAF til å representera Tyrkia den 30. april 2014.[2] Han representerte Tyrkia under VM i friidrett 2015 i Beijing, der han vart nummer 6 på 400 meter hekk.[3] I Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vann han ein bronsemedalje i 400 meter hekk.[4] Under Friidrett-VM 2017 i London tok Copello sølvmedalje bak Karsten Warholm.[5] Det same hende under EM i friidrett 2018 i Berlin.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sæther, Esten O. (9. august 2018). «Passet hans er en skandale. Warholms rival skulle aldri fått lov til å løpe i EM». Dagbladet. Henta 9. august 2018. 
  2. «European Athletics - Athlete: Yasmani Copello Escobar». european-athletics. 
  3. Results of Beijing IAAF World Championships
  4. «Esta medalla no es para Cuba, afirma vallista Yasmani Copello».  
  5. «Warholm tok VM-gull: – Det er verdens beste følelse!». NRK. 9. august 2017.