Saint James Parish på Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saint James
fylke
none Utsyn over Montego Bay
Utsyn over Montego Bay
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Cornwall
Areal 595 km²
Folketal 184 662 (2012[1])
Saint James in Jamaica.svg
Wikimedia Commons: Saint James Parish, Jamaica

Saint James Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grenser til Trelawny Parish i aust, Hanover og Westmoreland i vest og Saint Elizabeth i sør, og har kyst mot Det karibiske havet i nord.

Fylket er prega av administrasjonssenteret Montego Bay, som er den andre største byen på øya etter Kingston. Byen ligg i ei bukt som er verna mot handelsvindane av låge åsar. Han er eit viktig senter for turistindustrien, med Sangster internasjonale lufthamn nord for byen. Det ligg mange større hotell langs kysten.[2]

Montego Bay og området rundt har lenge hatt eit problem med kriminalitet. 18. januar 2018 blei det erklært unntakstilstand i St James,[3] etter ein kraftig valdsauke. St James hadde då ein dobbelt så høg mordrate som andre parish på Jamaica.[4]

Andre større busetjingar er Cambridge, Adelphi, Montpelier og Catadupa. Det blir dyrka sukker, banan og kaffi her.[2]

Minnesmerke over Samuel Shape i Montego Bay.

Kjende folk frå Saint James[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population by Parish». http://statinja.gov.jm/Demo_SocialStats/populationbyparish.aspx. Henta 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 6. desember 2017. 
  3. «State of Emergency’ in Jamaica Helping Suppress Gang Activity», Caribbean36, 6. mars 2018, http://www.caribbean360.com/news/state-emergency-jamaica-helping-suppress-gang-activity#ixzz5ASnBKguR 
  4. Simon Lennon (19. januar 2018), «Gunmen on RAMPAGE in Brit holiday hotspot as tourists ordered to 'stay in your hotels'», The Daily Star, https://www.dailystar.co.uk/news/world-news/675524/Jamaica-gunmen-rampage-state-of-emergency-montego-bay-tourists