Hopp til innhald

Statens byggeskikkpris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statens byggeskikkpris er ein årleg norsk pris som vert gjeven som honnør for god arkitektur. Prisen kan gjevast til personar eller til private eller offentlege verksemder som har gjeve eit bidrag til monaleg å fornye, utvikle eller heve standarden på den ålmenne byggjeskikken i landet gjennom planlegging eller bygging. Det vert lagt vekt på nye idear og teknologi, at bygningane er tilpassa natur- og kulturlandskapet og dessutan gjer sitt til å skape ein lokal identitet. I den seinare tida er det òg vorte lagt vekt på at det er vald miljøvennlege og energisparande løysingar, og at det er vald utformingar som gjev tilgjenge for alle.

Det er kommunal- og regionalministeren som nemner opp juryen som avgjer kven som skal få Statens byggeskikkpris, og kommunal- og regionalministeren står for overrekinga.[1] Husbanken er sekretariat for juryen.

Byggeskikkprisen vart delt ut for fyrste gong i 1983. Dette året ville juryen berømma god bustadbygging, og prisen gjekk til Hillarhaugen på Stord som omfatta 15 bustader.[2] Seinare har prisen gått til burettslag, skular, museum, bibliotek, kontorbygg, restaureringar og signalbygg som Sametingsbygningen, Hamsunsenteret og Operahuset i Oslo.

I tillegg til Statens byggeskikkpris, finst det òg fleire offentlege lokale byggjeskikkprisar eller arkitekturprisar som er oppretta av kommunar.

Utdelingar

[endre | endre wikiteksten]
Oversyn over alle utdelingar[3]
Bilete År Bygg/prosjekt Arkitektkontor Byggherre
1983 Einebustadområdet HillarhaugenStord Holmedahl og Wåge Stord kommune
1984 Opprusting av Storgata i Lillehammer Lillehammer kommune
1985 Gran gardRomerike og Gahre gardLista.
Nytt våningshus og restaurering av eksisterande.
Arkitektsenteret, Bøndenes bygningskontor Familien Gahre/familien Brændfjord
1986 Næringsbygget Hanabryggene i Sandnes Hoem, Kloster og Jacobsen Sjur Svaboe
1987 Holtbakken borettslag i Skedsmo Div.A Arkitekter og Lund Arkitekter Skedsmo boligbyggelag
1988 Bærum verk kjøpesenter Niels Torp Ingegerd Løvenskiold
1989 Aronnes barnehage i Alta Atelier 2 Alta kommune
1990 Ilevollen bo- og servicesenter i Trondheim Nils Christian Ottesen Trondheim kommune
1991 Ny utstillingsbygning for Drammen museum Gunnar Granberg Drammens Museum
1992 Iglebæk bilanlegg i Oslo Torstein Ramberg Kolberg Motors og Iglebæk
1993 NSB som byggherre NSB Arkitektkontor Norges Statsbaner
1994 Skårsetlia boliglandsbyLillehammer Lund Hagem Arkitekter og Div.A Arkitekter Lillehammer Olympiske Boliger
1995 Kontorbygg for Stavanger AftenbladBryne Hoem, Schelderup og Tonning Stavanger Aftenblad
1996 Aukrustsenteret i Alvdal Sverre Fehn og Harald Hille Alvdal Senteret [sic]
1997 Ibsenkvartalet i Oslo Gunnarsjaa + Kolstad Arkitekter Linstow eiendom
1998 Rasteplassar langs Sogne- og Strynefjellveien Jensen og Skodvin arkitektkontor og Carl-Viggo Hølmebakk
1999 Lillestrøm stasjonsområde Petter Bogen arkitektkontor, Arne Henriksen arkitekter, Berg og Dyring Statens vegvesen, NSB Gardermobanen og NSB BA eiendeom
2000 Planteforsk i Ullensvang Lund Hagem Arkitekter Statsbygg
2001 Sametingsbygningen i Karasjok Stein Halvorsen og Christian Sundby Statsbygg
2002 Byrom i Bergen CUBUS, Kavle/Smedsvig og Next to Nothing Bergen kommune
2003 Møllebyen i Moss
Verneverdig bebygging, restaurering og ny bebygging.
LPO arkitektur, Sundby arkitekter, Berg og Dyring Mossemøllene eiendom
2004 Boliger i Skippergata 12 og Lysaker brygge i Oslo MAD og Kari Nissen Brodtkorb Gjensidige NOR Næringseiendom
2005 Røråstoppen barneskole Ola Roald arkitektur, FuthArk arkitekter, Bisgaard landskapsarkitekter Re kommune
2006 Norsk Design- og Arkitektursenter, Hausmanns gate 16, Oslo Jensen & Skodvin Arkitektkontor og A38 Arkitekter Aspelin Ramm
2007 Pilestredet park En rekke aktører Statsbygg og Oslo kommune
2008 Operahuset i Oslo Snøhetta Statsbygg
2009 Preikestolen turisthytte Arkitektkontoret Helen & Hard Stavanger Turistforening
2010 Gjerdrum ungdomsskole Kristin Jarmund Arkitekter Gjerdrum kommune

2011 HamsunsenteretHamarøy Steven Holl og LY arkitekter; Landskapsarkitekt: Landskapsfabrikken ved Ellen Husaas; Nordland fylkeskommune
2012 Vennesla bibliotek
(Bildet viser bibliotekets interiør)
Arkitektkontoret Helen & Hard Vennesla kommune
2013 Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole Arkitekturverkstedet og Asplan Viak Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune[4]
2014 Gjensidige hovudkontor og NSB hovudkontor, Schweigaardsgate 21 og 23, Oslo Lund + Slaatto Arkitekter Gjensidige og NSB
2015 Stormen (bildet) og Torshovdalen[5] DRDH Architects og Lund Hagem Arkitekter Bodø kommune; og Backe Prosjekt og Mallin Eiendom
  1. «Statens byggeskikkpris : Bakgrunn og jury». Kommunal- og regionaldepartementet. Henta 27. mars 2012. 
  2. «1983 Hillarhaugen, Stord». Husbanken. 
  3. «Statens Byggeskikkpris 1983 - 2011». Husbanken. 26. oktober 2011. Henta 27. mars 2012. 
  4. Aftenposten.no – Dette er Norges beste bygg (Av Siv Helen Kvalvåg. Publisert og besøkt 25. juni 2013).
  5. To vinnere av Statens byggeskikkpris 2015, arkivert frå originalen 31. mars 2016, henta 5. oktober 2016 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Litteratur
  • Berg, Helle Benedicte (red.) (2007) Forbilder: statens arkitektur-, bymiljø- og byggeskikkpriser 25 år. Oslo, Husbanken. ISBN 9788290122275