Yvette Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yvette Williams


Statsborgarskap New Zealand
Fødd 25. april 1929
Dunedin
Død

13. april 2019 (89 år)
Auckland

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Britiske imperieleker 1950, Britiske imperie og samveldeleker 1954

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, Dame Companion of the New Zealand Order of Merit‎, companion av New Zealands fortjenstorden

Yvette Winifred Williams (5. april 192913. april 2019) var ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Dunedin som i 1952 vart olympisk meister i lengdehopp.

Yvette Williams i 1954

Under samveldeleikane 1950 i Auckland vann Williams lengdehopp med 5,91 m. Året etter sette ho personleg rekord med 6,13 m, einast to kvinnelege lengdehopparar kunne den gongen vise til betre resultat i øvinga.

Sommaren 1952 landa ho i den fjerde omgangen av lengdetevlinga under dei olympiske leikane i Helsinki på 6,24 m, og tok over leiinga frå sovjetiske Aleksandra Tsjudina som hadde nådd 6,14 m i andre omgang. Ingen av dei to, som stod i ein klasse for seg i tevlinga, makta forbetre seg og det vart gull til Williams og sølv til Tsjudin. I sommarleikane deltok Williams også i øvingabe kulestøyt og diskoskasting, der ho vart høvesvis nummer 6 og 10.

I februar 1954 sette Williams i Gisborne verdsrekord i lengdehopp med 6,29 m, ein rekord som stod i 18 månader. Ved samveldeleikane 1954 i august i Vancouver vann Williams tre av tevlingane, både i lengdehopp, kulestøyt og diskoskast stod ho att som den klare einaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]