Zhouzhi
Zhouzhi | |||
fylke | |||
Offisielt namn: forenkla kinesisk 周至县, pinyin Zhōuzhì Xiàn | |||
Fleire namn: tradisjonell kinesisk 盩厔縣 eller 盩庢縣 | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Shaanxi | ||
Distrikt | Xi'an | ||
![]() Zhouzhi | |||
Wikimedia Commons: Zhouzhi County | |||
Zhouzhi er eit fylke i provinsen Shaanxi i Folkerepublikken Kina. Det ligg i den subprovinsielle byen Xi'an.
Folketalet var på 615 966 i 1999.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
I småbyen Luguantai i Zhouzhi fylke er det blitt funnt historsk interessante stelar som er av betyding både for taoismen og for historia til kristendommen i Kina. To av stelene omtaler Laozi si legendariske ferd mot vest, ridande på ein okse. Ein av stelane, Xi'anstelen, nemner korleis den syro-orientalske kyrkja kom til Kina, med misjonæren Alopen i spissen, på 600-talet.
Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Fawang-pagoden ved Xianyoutempelet (Xianyou si Fawang ta, 仙游寺法王塔), Bayunpagoden (Bayun ta, 八云塔) og pagoden ved Daqinklosteret (Daqin sita, 大秦寺塔) står på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Riksveg 108 i Kina går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.
Riksveg 310 i Kina går gjennom området. Denne viktige trafikkåra byrja i Lianyungang i Jiangsu, går vestover og ender i Tianshui i provinsen Gansu. Han går innom større byer som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ National Population Statistics Materials by County and City – 1999 Period, i China County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS
- Denne artikkelen bygger på «Zhouzhi» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2020.