Zosterornis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zosterornis
Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, frå fjellet Polis, 300 km nord for Manila Foto: Wikimedia-brukar Llimchiu
Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, frå fjellet Polis, 300 km nord for Manila
Foto: Wikimedia-brukar Llimchiu
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Brillefuglar Zosteropidae
Slekt: Zosterornis
Ogilvie-Grant, 1894

Zosterornis er ei biologisk slekt med fem artar av sporvefuglar i brillefuglfamilien, Zosteropidae. Slekta er endemisk til Filippinane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Zosterornis-brillefuglar er 13-15 centimeter i kroppslengd, har ei olivenfarga overside og kremgul til gul underside. Hos fire av artane er undersida streka. To av artane har kvit ring rundt augo, «brille». Dette er dei to artane på øya Luzon, rustmaskebrillefugl og luzonbrillefugl. Dei andre tre artane er isolerte på kvar si øy, høvesvis Panay, Negros og Palawan.[1]

Habitat for desse artane er skog, gjerne over 1000 moh., men luzonbrillefuglane lever under 1000 moh. Føda er ei blanding av vegetabilsk og animalsk og kan inkludere insekt, edderkoppar, frø og små frukt eller bær.[1]

Arten negrosbrillefugl er klassifisert som sterkt truga av IUCN fordi han lever på eit særs avgrensa område på øya der avskoging pågår. Populasjonen er estimert til mellom 600 og 1700 individ.[2]

Tre av dei fem artane blei skildra første gongen i siste halvleiken av 1900-talet, panaybrillefugl så seint som i 1990.[3]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Zosterornis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Luzonbrillefugl, Zosterornis striatus, Luzon Striped-Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (NT)
  • Panaybrillefugl, Zosterornis latistriatus, Panay Striped-Babbler, Gonzales & Kennedy, 1990, (NT)
  • Negrosbrillefugl, Zosterornis nigrorum, Negros Striped-Babbler, Rand & Rabor, 1952, (EN)
  • Palawanbrillefugl, Zosterornis hypogrammicus, Palawan Striped-Babbler, Salomonsen, 1961, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 (2018). Søk på artar i slekta Zosterornis i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 21. mai 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Zosterornis nigrorum. Henta 21. mai 2018
  3. David Brewer (2018). Birds New to Science - 50 Years of Avian Discoveries (1. utg.). London, New York: Christopher Helm. s. 275. ISBN 978-1-4729-0628-1. 
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zosterornis