Brukardiskusjon:Roarjo

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkiv



Tar du ein kikk på bileta på Diskusjon:Riksveg 17#Kvar er desse bileta frå?- Eg trur du har kjørt vegen på biletet til høgre nokge gongar. --Knut 22. oktober 2009 kl. 07:20 (CEST)[svar]

Mellomrom før referansar[endre wikiteksten]

Hei, eg lurer litt på kvifor du legg inn mellomrom før referansar? Då kan dei ofte havna på ei ny linje, vekke frå det dei skal referera. --Ranveig 30. oktober 2010 kl. 11:16 (CEST)[svar]

Det kan vel vere at skrivemaskinkurset på Folkeskolen lærte oss 'alltid mellomrom etter komma og punktum'. I dag er kanskje hardt mellomrom det ein kan bruke? Men eg kan gjerne slutte med mellomrommet, var ikkje klar over sideverknaden. Roar 30. oktober 2010 kl. 11:42 (CEST)[svar]
OK, interessant! Eg ville føretrekka ikkje mellomrom, jf. Korrekturavdelingen, men hardt mellomrom er også ein mogleg måte å fiksa problemet på. --Ranveig 30. oktober 2010 kl. 11:54 (CEST)[svar]
De skreiv vel ikkje fotnotar i skrivemaskinkurset på folkeskulen? I so fall låg de lenger framme enn me! Høge fotnotar set me rett innåt ordet dersom noten viser til ordet, eller rett innåt komma, punktum o.dl. dersom noten viser til ei setning. Låge fotnotar, d.e. i vanleg skriftstorleik, har mellomrom føre. Nunc et semper 30. oktober 2010 kl. 12:07 (CEST)[svar]

Takk til begge for å gjere meg merksam på dette, i framtida blir det fotnotar utan mellomrom frå meg. Roar 31. oktober 2010 kl. 07:49 (CET)[svar]

Om ein set inn referansar før punktum unngår ein dette problemet. --Sigmundg 31. oktober 2010 kl. 08:05 (CET)[svar]
Ikkje viss ein legg inn mellomrom før ref-taggen slik det stundom blir gjort. Då kan både nota og teiknet koma på ny linje, og det er dårleg typografi, det. --Ranveig 31. oktober 2010 kl. 12:04 (CET)[svar]

Opphavstrettsbrot‎[endre wikiteksten]

Eg veit ikkje om eg har attenderulla Roarjo før, men redigeringa du gjorde på Marcussen & Søn‎ kan eg ikkje la stå. Håper det er greitt at eg ler litt av deg :-D --Knut 15. november 2010 kl. 18:41 (CET)[svar]

Oisan, det var ein blings i farta, bra nokon sjekkar. --Roar 15. november 2010 kl. 22:27 (CET)[svar]

Maltesting[endre wikiteksten]

Hei sann. Berre for å pirka litt: det er fullt mogleg å laga testmalar i brukarnamnerommet; til dømes slik: {{Brukar:Roarjo/mal}}. Njardarlogar 26. februar 2011 kl. 20:16 (CET)[svar]

Ser at du har skreve uhorveleg mange artiklar om fuglar. Kanskje fuglar kunne verta eit tema? --Sigmundg 3. mai 2011 kl. 19:00 (CEST)[svar]

Ja, det hørest ut som ein god ide. Eg kan ikkje tema-finessane, skal det komme i gang fort må andre snekre saman tema-sida. --Roar 3. mai 2011 kl. 19:09 (CEST)[svar]
Eg kan gjerne gjera det, men eg veit ikkje så mykje om fuglar, så kanskje du kan skriva innhald på framsida og finna høvelege bilete? --Sigmundg 3. mai 2011 kl. 19:44 (CEST)[svar]
Det kan eg vere med på. Fugle-artiklar her på nn: er i dag tilgjengeleg gjennom kategoriar og interne peikarar, i stor grad basert på systematikk, klassifisering og artsoppramsingar. Tema-side kan kanskje gje andre innfallsvinklar (som biotopar og økologi?) som er meir interessante for lesarar, men som òg kan kreve nye artiklar. --Roar 4. mai 2011 kl. 08:11 (CEST)[svar]
Meiner du at det er meir interessant med eit tema som tek til høgare oppe i strukturen? Om ein startar på Natur hamnar fuglar 5 nivå frå toppen: Natur --> Zoologi --> Dyr --> Virveldyr --> Fuglar. Men då får ein til gjengjeld med "både fuggel og fisk", plus mykje anna. Kanskje det ikkje er så dumt? --Sigmundg 4. mai 2011 kl. 19:51 (CEST)[svar]
Har ikkje tenkt så langt og så mykje :) Det beste er å ha eit eller fleire utkast å prøve ut og diskutere rundt, trur eg. --Roar 5. mai 2011 kl. 10:05 (CEST)[svar]

Administrator[endre wikiteksten]

Hei! Du gjer mykje god jobb her og eg trur at det kunne vore nyttig for deg å ha tilgang til litt fleire verktøy. Er det greit at eg set deg opp som administrator-kandidat?

Då skal du kunne rekke å endre sidefoten sjølv i september.

-- Hogne 19. august 2011 kl. 09:19 (CEST)[svar]

Takk for framlegget, men eg trur framleis det kan vere ein føremon for prosjektet om eit par skribentar som er røynde og kjenner Wikipedia bra likevel har Wikipedia-status som vanlege menige. Viss situasjonen endrar seg her slik at det trengs hjelp frå fleire med admin-verktøy til å overvake, rydde bort herverk, blokkere slike som gjer herverk og slikt, så skal eg gjerne trø til å bidra som administrator.
--Roar 19. august 2011 kl. 10:30 (CEST)[svar]
Eg reknar meg som vanleg meinig sjølv om eg har ein ekstra god spade. Eg synes det er eit godt samarbeid her på nnwiki og status er anten at ein er til å stole på eller ikkje. Her er administrasjonsverktøyet nærast som å ha førarkort, ikkje politimyndigheit. Kva meiner du er føremonen med å ikkje ha spaden? Med venleg helsing Hogne 19. august 2011 kl. 10:58 (CEST)[svar]

Samantreff?[endre wikiteksten]

Medan du jobber med amazonpapegøyar er denne her dagens bilete på Commons. Tilfeldig? Neppe... --Ranveig 28. februar 2012 kl. 18:09 (CET)[svar]

Det var nok høgst tilfeldig og drive av konkurranseinstinkt, målet var å få litt meir fakta inn i artikkelen enn nokon av dei andre store Wikipediane vi kan samanlikne oss med: sv: og en:. Nederlandsk har meir, men mest om papegøyar i fangenskap. Men fint bilete forresten! --Roar 29. februar 2012 kl. 07:45 (CET)[svar]

Juleavslutning - håper å se deg der![endre wikiteksten]

Velkommen til juleavslutning med Wikimedia Norge, på Gamle rådhus i Oslo.

Hei! Wikimedia Norge arrangerer juleavslutning med julemiddag fredag 14.desember klokken 1700, sammen med Norsk Kulturråd. Arrangementet vil finne sted i andre etasje på Gamle rådhus i Oslo, og foruten juletallerken og hyggelig samvær vil vi også få høre korte faglige innlegg. Dessuten vil vi premiere vinner/e av den norske delen av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments.
Arrangementet er åpent for Norsk Kulturråd, medlemmer av Wikimedia Norge, og wikipedianere med registrert brukerkonto. Medlemmer av Wikimedia Norge får arrangementet og julemiddag gratis, mens ikke-medlemmer betaler en egenandel på kroner 200. Man betaler for egen drikke. Alle deltakere må være påmeldt.
Påmelding skjer innen utgangen av 10.desember ved å sende meg ditt fulle navn på mail til erlend@wikimedia.no. Skriv om du ønsker pinnekjøtt eller lutefisk.
Velkommen!
Med vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 21:04 (CET)[svar]


Wikipedia Academy 2013[endre wikiteksten]

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:27 (CET)[svar]

Galbuliformes[endre wikiteksten]

Kan du sjå om denne endringa var rett: http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Galbuliformes&curid=116352&diff=2624590&oldid=2521004 --46.15.68.246 21. februar 2014 kl. 00:05 (CET)[svar]

Endringa er «rett», men eg annulerer ho likevel, for ein periode i det minste for å sikre konsistens i artikkelsamlinga her. Plassering av dovenfuglar og jakamarar i Piciformes heller enn i Galbuliformes er relativt ny. International Ornithologists' Union har grunngjeve ny plassering med The jacamars (Galbulidae) and puffbirds (Bucconidae) are well-established sister taxa (SACC,Hackett et al. 2008), with evidence favoring inclusion in the Piciformes, rather than a separate Order Galbuliformes (TOL, Ericson et al. 2006; cf SACC, Fain & Hou Vi (eg) følgjer eBird/Clements Checklist, som forklart i Wikipedia:Wikiprosjekt_fuglar#Taksonomi_og_referansar, og denne lista held framleis på Galbuliformes som biologisk orden. --Roar (diskusjon) 23. februar 2014 kl. 08:09 (CET)[svar]

Hej. Vil du gerne have kopieret denne fil til Commons eller skal den måske bare slettes? Hvis du gerne vil gemme den har du så selv taget fotoet eller er det et du fx har fundet på Commons? --MGA73 (diskusjon) 19. oktober 2014 kl. 20:53 (CEST)[svar]

Tak for svaret. Commons er en enorm opgave at tjekke. Jeg har slettet hundrede af filer på Commons men det kræver at mange hjælper til. :-) --MGA73 (diskusjon) 20. oktober 2014 kl. 23:45 (CEST)[svar]

Hei. Ser du opprettar mange fugleartiklar og lurer på om du har fått med deg den nye malen {{taksoboksLua}} (døme på bruk). Malen kan henta inn mykje data (t.d. taksonomi) automatisk frå Wikidata, og han viser norske namn attåt dei vitskaplege der dei finst. (malen stør derimot ikkje namn på andre språk, då lyt ein nytta {{infoboks namn på andre språk}}). --Njardarlogar (ordskifte) 6. oktober 2016 kl. 15:17 (CEST)[svar]

Takk for fint eksempel med bruk av Wikidata. Eg ser likevel ikkje grunn til å endre frå noko fungerande til noko usikkert. Vil heller gå for ei automatisert migrering til ei ny løysing når den nye løysinga er stadfesta godt fungerande, passande for føremålet. Er derimot villig til kva tid som helst å bruke tid på å diskutere funksjonskrav til ei ny løysing for taksoboksar for fuglar (biologi). --Roar (diskusjon) 13. oktober 2016 kl. 07:00 (CEST)[svar]
Er berre å ytra meiningar kring utforming av taksoboks. Kan elles nemna at {{taksoboksLua}} berre hentar inn taksonomidata frå Wikidata om han eksplisitt vert beden om det, og at namn som ligg inne på Modul:Taksoboks/norske namn automatisk vert sette om av malen utan bruk av Wikidata (døme på slik bruk). --Njardarlogar (ordskifte) 17. oktober 2016 kl. 16:03 (CEST)[svar]

Share your experience and feedback as a Wikimedian in this global survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 29. mars 2018 kl. 20:40 (CEST)[svar]

Reminder: Share your feedback in this Wikimedia survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 13. april 2018 kl. 03:38 (CEST)[svar]

Your feedback matters: Final reminder to take the global Wikimedia survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 20. april 2018 kl. 02:48 (CEST)[svar]

Community Insights Survey[endre wikiteksten]

RMaung (WMF) 9. september 2019 kl. 18:19 (CEST)[svar]

Reminder: Community Insights Survey[endre wikiteksten]

RMaung (WMF) 20. september 2019 kl. 21:48 (CEST)[svar]

We sent you an e-mail[endre wikiteksten]

Hello Roarjo,

Really sorry for the inconvenience. This is a gentle note to request that you check your email. We sent you a message titled "The Community Insights survey is coming!". If you have questions, email surveys@wikimedia.org.

You can see my explanation here.

MediaWiki message delivery (diskusjon) 25. september 2020 kl. 20:53 (CEST)[svar]

Høgnorsk-malen på Geirfugl.[endre wikiteksten]

Hei! Eg ser at du skifte ut {{Høgnorsk}}-malen med {{Om}} på artikkelen om Geirfugl. Er det nokon særskild grunn til det? Om {{Høgnorsk}}-malen skal fasast ut so vil eg sjølvsagt retta meg etter det. --Eiliv (diskusjon) 5. desember 2020 kl. 14:40 (CET)[svar]