Nedre Vøiens Bomuldsspinderi

Koordinatar: 59°55′50.056″N 10°45′21.838″E / 59.93057111°N 10.75606611°E / 59.93057111; 10.75606611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′50.056″N 10°45′21.838″E / 59.93057111°N 10.75606611°E / 59.93057111; 10.75606611

Nedre Vøiens Bomuldsspinderi ved Akerselva er den eldste bygningen midt i bilete. Det nye bygget til venstre er eit påbygg frå 1986.
Foto: Mahlum
Ved Vøyenfallene med Graahs spinneri, Hjula veveri og Tugthusets klesstampe. Bilete av amatørfotografen Hans Emil Erichsen frå 1866.

Nedre Vøiens Bomuldsspinderi eller Vøiens Bomuldsspinderi er ei tidlegare tekstilverksemd i Sagveien 21 på Sagene i Oslo. Verksemda kom i gang etter initiativ av Knud Graah og svogeren Niels O. Young i 1846.[1] To år tidlegare hadde dei kjøpt fallrettane i AkerselvaNedre Vøyen gard og i 1845 stod den toetasjes fabrikkbygninga klar. Spinneriet produserte tråd og stoff.

Graah hadde vore i Manchester og andre plassar for å gjere seg kjend med industrien. Fabrikken vart bygd med teknologi og ekspertar frå England.[2]

Den første tida hadde spinneriet 70 til 80 tilsette som arbeidde ved spinnemaskinane. Maskinane vart drivne av kraft frå eit vasshjul som tilhøyrde Akers Mekaniske Verksted.

I 1859 brann spinneriet ned og ei ny bygning etter teikningar av Oluf Nicolai Roll vart bygd. Det er den fabrikken som framleis står på staden. I 1895 kjøpte spinneriet opp fallrettane i den nederste delen av Vøyenfallene, kalla Våghalsen. Det blei ført opp fleire bygningar her.[2]

Verksemda skifta eigarform og vart gjort om til aksjeselskap i 1906 under namnet A/S Knud Graah & Co. I 1919 vart spinneriverksemda skilt ut i eiga selskap under det gamle namnet Vøyens Bomuldsspinderi, men spinneriet gjekk dårleg og vart nedlagd fire år seinare. Knud Graah & Co. held fram som veveri og i 1946 gjekk det inn i selskapet TEFAS saman med mellom anna Hjula Veveri. Produksjonen vart flytta til ein ny fabrikk på Frysja. Selskapet gjekk konkurs etter nokre år; i 1955.[2]

Fabrikkbygninga i Sagveien blei rehabilitert i 1980 ved arkitekt Sigvart Pran.[1]

Industrianlegget er kommunalt verna som kulturminne. I tillegg til sjølve fabrikkbygninga består kulturminnet av Spinnerimeisterboligen i Sagveien 21 og nybygget med adresse Mølleparken 6.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 626, ISBN 978-82-573-1760-7
  2. 2,0 2,1 2,2 Knud Graah & Co A/S frå Norsk Museumsnettverk for industrihistorie
  3. Nedre Vøiens Bomuldsspinderi i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren