«Nella Dan»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rikr0101 - Flickr - NOAA Photo Library.jpg

MV «Nella Dan» ved Mawson iskant, Antarktis
Karriere (Danmark) Flag of Denmark.svg
Namn: «Nella Dan»
Eigar: J Lauritzen Lines
Verft: Aalborg Vaerft
Sjøsett: 1961
Lagnad: Forliste 1987
Generelle mål
Klasse og type: Isbrytar
Lengd: 75,5 m
Breidd: 14,3 m
Draft: 6,268 m
Fart: 12,5 knop
Rekkevidd: 16 000 nm
Kapasitet: 42 passasjerar

«Nella Dan» var ein dansk isbrytar som vart nytta i teneste for Australia i Antarktis og vart nesten synonym med ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions).

Teneste[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bestilt av Lauritzen med mange ønske frå Australian Antarctic Division. Skipet vart kalla opp etter Nel Law, kona til direktøren i AAD, Phillip Law.[1]

Ho vart bygt av Aarlborg Værft i 1961 og vart utrusta på same vis som systerskipa «Thala Dan», «Kista Dan» og «Magga Dan». Ho var ein isbrytar utstyr med isfinner kring propellen og iskniv, men ho hadde i tillegg dobbeltskrog i maskinrommet og delar av lasterommet. Ein kunne nå utkikkstønna via ein stige inne i masta. Då skipet vart bygt vart ho rekna for å setje standarden for polarfartøy.[1]

«Nella Dan» segla til Antarktis kvart år med ANARE frå 1962 til 1987, og ho er dermed det skipet som har vore lengst i antarktis teneste.[1]

«Nella Dan» fraus fast i isen i 1985 og låg fast i sju veker før dei kom seg laus. Skipet forliste den 3. desember 1987 under eit uvêr ved Macquarie Island. Skipet gjekk på grunn berre nokre meter frå øya.[2] Ho var så pass hardt skadd at ho vart dradd til havs og søkkt den 24. desember 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Nella Dan 1962-1987». Australian Antarctic Division. http://www.aad.gov.au/default.asp?casid=27191. Henta 26. november 2012. 
  2. AJ (December 1987). Nella Dan runs aground at Macquarie Island (Newsletter). ANARE News (Ceased 1996). Australian National Antarctic Research Expeditions.