Äbeni Flue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ebnefluh
fjell
Gletscherhorn (i midten) og Äbeni Flue (til høgre)
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 962 moh.
Primærfaktor 196 m ↓ Gletscherhorn
Koordinatar 46°30′29″N 7°57′11″E / 46.50806°N 7.95306°E / 46.50806; 7.95306
Lettast tilkomst Frå Hollandia-hytta
Førstestiging Thomas L. M. Browne
Kart
Äbeni Flue
46°30′29″N 7°57′13″E / 46.507969444444°N 7.9535972222222°E / 46.507969444444; 7.9535972222222
Wikimedia Commons: Ebnefluh

Äbeni Flue (òg Ebnefluh) er eit 3 962 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantonane Bern og Valais går over fjelltoppen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Äbeni Flue dannar ein brei bergtopp, som mot nord fell med vekselvis steile bergveggar og isbrear over 2500 meter ned i Lauterbrunnental. Sørhenget er mykje bredekt og går slakt over i Aletschgletscher. Mot aust fører ei egg til Gletscherhorn, frå denne toppen går ei egg vidare til Jungfrau lenger nord. Sørvestover fører ei egg til Mittaghorn, Grosshorn og Breithorn. Mot sør, over Grosser Aletschfirn, ragar Aletschhorn med sin høge, breie nordvegg.

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Äbeni Flue vart klatra fyrste gongen den 27. august 1868 av Thomas L. M. Browne saman med Peter Bohren og Peter Schlegel. Dei fylgde det som i dag gjeld for normalvegen.

Gletscherhorn (i midten), Äbeni Flue (til høgre). Bakom kneisar Aletschhorn.

Normalvegen går over sørvestsida og søraustegga til topps. Utgangspunkt for ein topptur kan vere frå både Lötschenhütte Holandia eller Konkordiahütte. Om vinteren vert desse rutene ofte nytta av skigåarar, bergklivarar som tek turen til topps.

Nordveggen på Äbeni Flue er ein klassisk isvegg, og vert klatra relativt ofte. Han er i kring 900 meter høg, og har ein hellingsgrad på kring 50–55°. Veggen vert, trass i sine mange breglepper, rekna for å vere ganske trygg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]