Lauterbrunnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauterbrunnen
Horisonten til Lauterbrunnen
Horisonten til Lauterbrunnen
Kommunevåpenet til Lauterbrunnen
Kommunevåpenet til Lauterbrunnen


Plassering
Lauterbrunnen is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Interlaken-Oberhasli
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

164,4 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

2 558
  15,6 /km²
Koordinatar 46°36′0″N 7°54′0″EKoordinatar: 46°36′0″N 7°54′0″E
Høgd over havet 795 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3822
Nettstad: www.lauterbrunnen.ch

Lauterbrunnen er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 2 558 innbyggjarar (2010) og eit areal på 164 km². Kommunesenteret ligg 795 meter over havet.

Landsbyen Lauterbrunnen

Kommunen består av ein trong dal, Lauterbrunnental, der landsbyane Lauterbrunnen og Stechelberg ligg. Landsbyane Mürren, Gimmelwald og Isenfluh ligg i hengedalar aust for Lauterbrunnental, medan den kjende skisportstaden Wengen ligg vest for hovuddalen. Korkje til Gimmelwald, Mürren eller Wengen går det bilveg, til desse stadene går det jarnbane eller togbane. Namnet Lauterbrunnen kjem av dei 72 fossane som finst i Lauterbrunnental. Den mest kjende av desse er Staubbachfall mindre enn ein kilometer frå Lauterbrunnen. Elva Lütschine renn gjennom Lauterbrunnen.

Allereie i dei første tiåra av 1800-talet byrja det kome turistar til kommunen, særleg dei som var inspirert av kunstretninga romantikken. Sidan det første hotellet kom opp i Wengen i 1859, har kommunen vakse fram til eit stort turistmål.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]