Åsta Gudbrandsdotter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsta Gudbrandsdotter (fødd om lag 975-980, død om lag 1020-1030) var mor til kong Olav II eller Olav den Heilage (995-1030, regjerte 1015 til 1028). Olav fekk ho med Harald Grenske i det første ekteskapet sitt.
I det andre ekteskapet sitt med Sigurd Syr vart ho mor til ein annan norsk konge, Harald Hardråde (1015-1066, regjerte 1047 til 1066). Far til Åsta var Gudbrand Kula frå Opplanda. Åsta kan ha vorte døypt på Ringerike av Olav Tryggvason, om lag 998.
Åsta og Sigurd Syr fekk i følgje sagaene følgjande born:
- Guttorm, deira eldste
- Gunnhild
- Halfdan
- Ingerid
- Harald Hardråde
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Åsta Gudbrandsdatter» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ancestral Roots of Certain American Colonists Who Came to America Before 1700 av Frederick Lewis Weis; Line 243A-20
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: