Élie Cartan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Élie Joseph Cartan (9. april 18696. mai 1951) var ein fransk matematikar.

Han var professor i Nancy frå 1903 og ved Sorbonne frå 1912. Cartan gjorde fleire fundamentale undersøkingar over differensiallikningar og Lie-grupper og fortsette med ideane til Sophus Lie. Resultata hans om dei såkalla Lie-algebraer har ført til fornya interesse i desse områda.

Dei samla verka hans vart gjeven ut den av den franske matematikarforeininga i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]