Île-aux-Moines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Île-aux-Moines
Hamna på Île-aux-Moines
Hamna på Île-aux-Moines
Geografi


Stad Biscayabukta
Koordinatar 47°35′51″N 2°50′36″W
Areal 3,20 km²
Administrasjon
Land Frankrike
Departement Morbihan
Demografi
Folketal 610 (1999)
Folketettleik 190 /km²

Île-aux-Moines (Enizenac'hbretonsk) er den største øya i Morbihanbukta i Bretagne i Frankrike. Øya er òg ein eigen kommune i departementet Morbihan. Ho er ein av to øykommunar i bukta, den andre er Île d'Arz.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Île-aux-Moines ligg i Morhibanbukta. Ho er 7 km lang og 5 km brei, og dekkjer eit areal på 3,2 km². Øya er forma som ein kross, og ingen stader på øya ligg lenger enn 450 meter frå vatnet.

Det går båtsamband til fastlandet frå Larmor-Baden og Port-Blanc.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Île-aux-Moines har vore busett sidan steinalderen, noko steindysser og andre leivningar kan vise til. I 854 gav kongen av Bretagne, Erispoe, ein donasjon til klosteret i Saint-Conwoïon i Redon, som far hans Nominoe hadde oppretta. Dette vart lagerplass for klosteret.

Etter normannarane invaderte øya på 900-talet vart øya gjeve tilbake til soknet Arradon. I 1453 fekk øya status som eit sokn, og i 1792 vart ho ein eigen kommune.

Monument[endre | endre wikiteksten]

Det er mange megalittiske leivningar på sørsida:

  • Dolmen i Kergonan på midten av øya. Steinane er stilt i ring med ein radius på meir enn 70 meter, ei av dei største i Europa.
  • Dolmen i Penhap, 5 km frå den største landsbyen, og er den best bevarte på øya.
  • Krusifiks kan ein finne i Trec'h, Brouel og Le Nioul, i tillegg til på Kerno.
  • St. Michel Kapell

Kjelder[endre | endre wikiteksten]