Île d'Yeu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Île d'Yeu

Île d'Yeu er ei øy utafor kysten av Vendée i Frankrike. Ho har to hamner, Port-Joinville og La Meule, som ligg i ein nesten lukka fjordarm langs ein vill granittkyst, og er kjend for tunfisk- og krepsefiske.

Fleire kjende malarar kom til Île d'Yeu, som Jean Rigaud (1912-1999), offisiell malar i den franske marinen som hadde hus der, og venen hans Maurice Boitel (fødd 1919).

Tang som veks her vart studert av den franske havforskaren Françoise Ardré.

Philippe Pétain, leiaren av det franske Vichy-regimet under andre verdskrig døydde på øya i 1951, og vart gravlagd her.

Administrativt er Île-d'Yeu ein kommune i departementet Vendée.

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Île d'Yeu
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk