Kommunar i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein commune eller på norsk kommune i Frankrike er den lågaste administrative inndelinga av landet. Det franske ordet commune oppstod på 1100-talet, og kom av det mellomalderlatinske ordet communia, som tyder ei lita samling av folk som deler eit fellesliv, som igjen kjem av latin, «ting ein har til felles».

Ein fransk commune er grovt sett tilsvarande ein norsk kommune, men som regel mykje mindre. Ein fransk kommune kan vere ein by med over 2 millionar innbyggjarar, som Paris, ein landsby på 10 000 innbyggjarar eller ei grend med berre 10 personar.

Talet på kommunar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 var det 36 782 kommunar i Frankrike, 36 568 av dei i France métropolitaine, den europeiske delen av Frankrike, og 214 av dei oversjøiske. Dette er langt høgare enn noko anna land i Europa. I tillegg er det ikkje alle land som delar inn dei oversjøiske områda sine på same måten, og kvart einaste landområde som høyrer til Frankrike høyrer òg til ein fransk kommune. Dei einaste unntaka er:

Areal[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk commune har i snitt eit areal på 14,77 km², men medianarealet er 10,73 km², som kanskje er meir representativt for ein typisk fransk kommune. Medianarealet er mindre enn for dei fleste andre europeiske land.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Medianen av folketalet til franske kommunar var etter ei folketeljing i 1999 på 380 innbyggjarar. Igjen er dette eit svært lågt tal og heilt klart det lågaste i Europa. Det er 20 982 kommunar i Frankrike med eit folketal mindre enn 500, noko som er 57,4 % av alle kommunane. I desse kommunane bur det berre 4 628 000 innbyggjarar, eller 7,7 % av det totale folketalet i Frankrike. Med andre ord bur 7,7 % av innbyggjarane i Frankrike i 57,4 % av kommunane, medan 92,3 % av innbyggjarane er konsentrert i berre 42,6 % av dei franske kommunane.

Rolle[endre | endre wikiteksten]

Trass i enorme skilnadar når det gjeld folketal har kvar kommune ein ordførar (maire) og eit kommunestyre (conseil municipal), som styrer kommunane frå Hôtel de Ville (rådhus), og uansett storleik har alle same makt (bortsett frå Paris der politet vert styrt av staten og ikkje av ordføraren i Paris). Denne jamne fordelinga er noko som går attende til den franske revolusjonen, som ville ha bort dei enorme skilnadane som eksisterte i kongeriket Frankrike og dei lokale særeigenskapane.

Storleiken får derimot noko å sei når det gjeld avstemmingsreglar i val, og korleis valkretsane vert inndelt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei franske kommunane vart oppretta i byrjinga av den franske revolusjonen i 1789-1790.

Noverande debatt[endre | endre wikiteksten]

I meir enn 30 år har mange prøvd å få til ei større samanslåing av kommunar i Frankrike. Så langt har den lokale konservatismen vore svært sterk og ingen forslag om samanslåing har kome lenger enn til utvala i det franske parlamentet.

Mange meiner at dei store franske byane har for liten påverknad på omgivnadane sine samanlikna med andre europeiske byar, sidan grensene deira vart fastsett for meir enn 200 år sidan. Lyon er til dømes ein geografisk liten kommune med berre 465 300 innbyggjarar, medan storbyområdet (aire urbaine), altså dei urbane områda som ligg inntil kommunen Lyon, til saman har 1,7 millionar innbyggjarar, som er av dei største i Europa. Sjølve Paris har berre 2,1 millionar innbyggjarar, men om ein tar med dei urbane områda som ligg inntil Paris kjem ein over 10 millionar menneske. Storbyområdet rundt Roma har til dømes 3,5 millionar innbyggjarar, som er lite samanlikna med Paris.

På den andre enden av skalaen finn ein kommunar som slit med distriktsutflytting, og som derfor har svært få innbyggjarar. Dette gjer at dei strevar med grunnleggande tenester som rennande vatn, innsamling av søppel eller vedlikehald av kommunale vegar.

Det er derimot ikkje lett å få til samanslåing. For det første vil dette føre til eit redusert tal på administrative stillingar, noko som ikkje er populært hos dei lokale politikarane. Ei annan sak er av innbyggjarar i ein landsby er motvillig til å la seg styre av kommunestyre i andre landsbyar, som kanskje ikkje tar omsyn til deira lokal behov.

Ymse fakta[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjartal[endre | endre wikiteksten]

  • Bortsett frå desse spesielle tilfella har følgjande kommunar lågaste innbyggjartal (1999) i Frankrike:

Største og minste kommunar[endre | endre wikiteksten]

  • Den største kommunen i Den franske republikken er Maripasoula (3 710 innbyggjarar) i departementet Fransk Guyana: 18 360 km².
  • I den europeiske delen av Frankrike er den største kommunen Arles (50 513 innbyggjarar) nær Marseille. Området utgjer det meste av elvedeltaet til Rhône: 759 km².

Høgastliggande kommune[endre | endre wikiteksten]

Den høgastliggande kommunen i Frankrike (og Europa) er Saint-Véran (267 innbyggjarar) i Dei franske Alpane. Senteret av kommunen ligg mellom 1 990 og 2 040 meter over havet.

Kommunar lengst borte frå Paris[endre | endre wikiteksten]

  • Kommunen i Frankrike lengst borte frå Paris er L'Île-des-Pins (1 840 innbyggjarar) i Ny-Caledonia: 16 841 km frå sentrum av Paris.
  • I den europeiske delen av Frankrike (om ein ser bort frå Korsika) er det Coustouges (134 innbyggjarar) og Lamanère (44 innbyggjarar) ved den spanske grensa som er lengst borte frå Paris. Begge ligg 721 km frå sentrum av hovudstaden.
Vegskilt som viser slutten av landsbyen Y i Somme i Frankrike

Kortast og lengst kommunenamn[endre | endre wikiteksten]

  • Den franske kommunen med kortast namn er Y (89 innbyggjarar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]