Ólavsøka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Færøysk frimerke med motiv frå Ólavsøka

Ólavsøkan (eller på norsk: Olavsvaka, Olavsfesten) er Færøyane sin nasjonaldag den 28. og 29. juli. Á Ólavsøku feirar færingane den norske kongen Olav den heilage († 29. juli 1030Stiklestad).

Ólavsøkan er ei sameining av politikk og kristendom. Færingane er det einaste nordiske folket som valde St. Olavsmessa som nasjonal heilagdag både religiøst og politisk. Olav den heilage var norsk konge, men arbeidde for å få Færøyane inn under den norske krona.

Ólavsøka er den færyøske forma for det latinske vigilia sancti Olavi (vigilia = vøkafærøysk og tyder vakt eller vake). Helgenkongen Olav har alltid hatt ein sentral plass i færøysk religiøs og politisk tradisjon og kultur.

På denne dagen vert Lagtinget på Færøyane opna i hovudstaden Tórshavn. Medlemene av Lagtinget, medlemer av Færøyane sitt landsstyre, biskop, alle prestane og dei høgste embetsmennene går i prosesjon frå Lagtingshuset til Tórshavn domkyrkje. Etter ei gudsteneste (St. Olavsmesse) går dei attende til Lagtingshuset der lagmannen held si opningstale.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]