Ödåkra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°6′16.553″N 12°44′48.793″E Ödåkra er ein tettstad i Helsingborgs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 4 771 innbyggjarar. Tettstaden ligg cirka åtte kilometer nord for Helsingborg og cirka fem kilometer frå Øresund.

Like sør for tettstaden ligg shoppingsenteret Väla centrum. Ödåkra blir kryssa av Västkustbanan (toghaldeplass på pågatåglinja mellom Ängelholm og Malmö) og ligg i tilknytning til motorvegane E6/E20 og E4.

Idrettsklubben Ödåkra Idrottsförening har mellom anna vore aktiv innan bandy, fotball, friidrett og sykling. Friidrettsverksemden blei lagt ned i midten av 1950-åra, og bandy slutta ein med omkring 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]