Österbybruk

Koordinatar: 60°11′47.850″N 17°53′52.858″E / 60.19662500°N 17.89801611°E / 60.19662500; 17.89801611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°11′47.850″N 17°53′52.858″E / 60.19662500°N 17.89801611°E / 60.19662500; 17.89801611

Österby på 1790-talet. (Elias Martin

)]]

Österbybruk er ein svensk tettstad i Östhammars kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 2 230 innbyggjarar.

Tidlegare gjekk den smalspora Dannemora-Hargs Järnväg gjennom Österbybruk. Persontrafikken ved jernbanestasjon i Österbybruk tok slutt omkring 1960. Banen blei utbygd til normalspor på 1970-talet, og blir i dag nytta til godstrafikk til og frå hamna i Hargshamn.

1400-talet tilhøyrte Österby gard Örbyhus, som var eigd av Vasa-ætta. Gustav Vasa bygde ved hjelp av tyske eksperter eit jernverk her. På 1600-talet kom Österby saman med Lövsta og Gimo til Louis de Geer. Under leiinga til de Geers blei Österby utvikla til å bli det nest største jernverket i Sverige. I 1927 blei jernverket overtatt av Fagersta Bruk, og det blei nedlagt i 1983.

Kvart år i juni blir det arrangert eit nøkkelharpestevne i parken til Österbybruks herregard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]