Vasa
| Våpen | Kart |
|---|---|
| Fakta | |
| Len: | Västra Finlands län |
| Landskap: | Österbotten |
| Flatevidd (landjord): | 397 km² |
| Innbyggjartal: | 58597 (2008) |
| Folketettleik: | 310,39 innb./km² |
| Postnummer: | |
| Retningsnummer: | |
| Ordførar: | Markku Lumio |
| Språk: | finsk og svensk |
| Heimesida til kommunen | |
Vasa, (finsk: Vaasa) er ein bykommune i Finland, og administrasjonssenter i Västra Finlands län. Vasa kommune grensar til kommunane Korsholm og Malax. Vasa er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (69,8 %) og svensk som minoritetsspråk (24,8 %). I omlanda til Vasa er det svensk som er majoritetsspråk.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Vasa vart grunnlagt i år 1606 av kong Karl IX av Sverige, og fekk namn etter den svenske kongeætta. Vasa vart ein viktig handels- og sjøfartsby på 1800-talet. Den gamle byen Vasa låg opphavleg ved kysten (i noverande Mustasaari kommune) men landhevinga har gjort at denne delen av byen ikkje er tilgjengeleg frå sjøen lenger.
I 1852 vart byen herja av ein stor bybrann. Etter dette vart han flytt 7 km lengre vest, ved den nye strandlinja, og skifte namn til Nikolainkaupunki (sv: Nikolaistad). Dette namnet hadde byen fram til 1917, sjølv om folk lokalt brukte namnet Vasa i denne tida. Under den finske borgarkrigen i 1918 var Vasa sete for senatet, sentrum for dei "kvite", og dermed hovudstaden i Finland. Etter dette fekk Vasa rett til å føra fridomskrossen åt Finland i byvåpenet.
Næringsliv og samferdsel [endre]
De fleste arbeidsplassane er innanfor tenesteytande næringar, men det finst òg ein del industri, m.a. motor-, tekstil-, plast- og næringsmiddelindustri samt produksjon av elektrisk og elektronisk utstyr. Wärtsiläkoncernen har ein mekanisk verkstad i Vasa.
Vasa er eit viktig knutepunkt for samferdsel i den vestlege delen av Finland. Byen har jernbanestasjon, og lufthamna ligg 9 km sør for sentrum. Vasa har ferjesamband med Sundsvall og Umeå i Sverige.
Kultur [endre]
Vasa har eige universitet, Vasa universitet, og fleire høgskular. Mellom anna har Åbo Akademi og Svenska handelshögskolan i Helsingfors kvar si underavdeling i Vasa.
Muséet Söderfjärdens Meteoria inneheld ei utstilling som viser meteorittnedslaget i området for 520 millionar år sidan. Kvarkens natursenter Terranova er eit informasjonssenter den fyrste og einaste staden i Finland som har kome på verdsarvlista til UNESCO: Kvarkens skärgård. Elles har vasa eit historisk museum, kunstsamlinga Österbottens museum, opera, finsk- og svenskspråkleg teater, og moroparken Wasalandia.
Venskapsbyar [endre]
- Pärnu, Estland sidan 1956
- Malmö, Sverige sidan 1940
- Umeå, Sverige sidan 1949
- Harstad, Noreg sidan 1949
- Helsingør, Danmark sidan 1949
- Schwerin, Tyskland sidan 1965
- Kiel, Tyskland sidan 1967
- Šumperk, Tsjekkia sidan 1984
- Morogoro, Tanzania sidan 1988
Kjelder og bakgrunnsstoff [endre]
- Artikkelen er basert på artikkelen om Vasa frå Wikipedia på bokmål, 26. november 2009.
- Artikkelen er òg delvis basert på Store Norske Leksikon om Vaasa.
- Artikkel om Vasa frå Wikipedia på engelsk, 26. november 2009.
- Uppslagsverket Finland om Vasa
- Nettsidene til Vasa - på svensk.
| Kommunar i landskapet Österbotten |
| Jakobstad | Kaskö | Korsholm | Korsnäs | Kristinestad | Kronoby | Laihela | Larsmo | Lillkyro | Malax | Nykarleby | Närpes | Oravais | Pedersöre | Storkyro | Vasa | Vörå-Maxmo |
| Landskap i Finland | Finland |