Økoturisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Økoturisme er turisme som legg vekt på det økologiske, sosiale og kulturelle avsvaret den reisande har, og som ønskjer å stå fram som eit alternativ til kommersiell masseturisme eller såkalla charterturisme. Den internasjonale økoturismesameininga (TIES) og dei sameinte nasjonane definerer økoturisme som «Sustainable tourism to natural areas that conserves the environment and improves the well being of the local people». I tillegg har dei sameinte nasjonane definert følgjande rammer for økoturismen: naturbaserte opplevingar, bidrar aktivt til natur- og kulturvern, tek hensyn til lokal kultur, gjev noko attende til lokalsamfunnet, formidlar miljømedvit og følgjer miljøprinsipp i drifta av verksemda.

Føretaka som driv økoturisme i Noreg er samla i nettverket Norsk Økoturisme som er administrert av Innovasjon Norge.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Økoturisme. Visit Norway (8. mars 2012). Vitja 26. juli 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]