Innovasjon Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Innovasjon Norge er ei samanslåing av dei tidlegare organisasjonane Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO).

Selskapet starta verksemda si 1. januar 2004, og har som formål å bidra til å utvikle distrikta, auke innovasjonen i norsk næringsliv, samt profilere norsk næringsliv i utlandet og Noreg som reisemål.

Innovasjon Norge har kontor i alle fylke og i meir enn 30 land over heile verda. Det er om lag 750 tilsette som har brei kunnskap om lokale og internasjonale tilhøve, og som skal bidra til at idéane til kundane vert forretningssuksessar.

Innovasjon Norge har ulike satsingsområde, og samarbeider med dei fleste større næringslivsaktørane og statlege organ i Noreg.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]