Øvre Rendal kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øvre Rendal)
Øvre Rendal kommune var ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hedmark fylke, ein del av Rendal formannskapsdistrikt frå 1837.
I 1880 vart Rendal delt i Øvre- og Ytre Rendal kommunar. Øvre Rendal kommune hadde då 1 868 innbyggjarar.
1. januar 1965 vart Øvre- og Ytre Rendal kommunar slegne saman til den nye Rendalen kommune. Øvre Rendal hadde ved samanslåinga 1 629 innbyggjarar.
Etter grensejusteringar i Øvre- og Ytre Rendal, Tolga og Trysil kommunar, vart Engerdal kommune oppretta som eigen kommune 1. januar 1911. Frå Øvre Rendal kommune vart eit område med 381 innbyggjarar lagt til den nye kommunen.