Świętochłowice
| Świętochłowice | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Voivodskap |
Polen Schlesiske (Śląskie) |
||||
| Geografi | |||||
| Diverse anna | |||||
| Nettstad: www.swietochlowice.pl | |||||
Świętochłowice
Høyr, tysk Schwientochlowitz, er ein by som ligg sør i Polen. Byen har 58 600 innbyggjarar (2005), og han har den største folketettleiken i landet med om lag 4 200 innbyggjarar per km². Świętochłowice ligg ved elva Rawa i Schlesiske voivodskap.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Świętochłowice er nemnd første gongen i 1313. Byen fekk Magdeburg-rettar i løpet av overgangen mellom 1200- og 1300-talet. Staden var ganske ubetydeleg fram til industrialiseringa i Øvre Schlesien tok til på slutten av 1700-talet. I 1920 avstod Tyskland byen til Polen, sjølv om den lokale folkeavstemminga hadde gjeve eit fleirtal på 51,9 % for å bli verande i Tyskland. I 1939 blei byen reannektert av Tyskland og i 1945 igjen av Polen.
Under andre verdskrigen dreiv tyskarane konsentrasjonsleiren KZ Eintrachthütte i Świętochłowice. I 1945 blei han omgjort til arbeidsleiren Zgoda for tyske sivile og polske antikommunistar. Leiren stengde i 1945.
I 2004 opna Det schlesiske kultursenteret (Centrum Kultury Śląskiej) i byen.
Bydelar [endre]
- Centrum
- Zgoda
- Chropaczów
- Lipiny
- Piaśniki
Galleri [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Świętochłowice» frå Wikipedia på bokmål, og «Świętochłowice» frå Wikipedia på engelsk den 11. september 2010.