Šolta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Šolta
Landsbyen Stomroska på Šolta
Landsbyen Stomroska på Šolta
Geografi
Croatia - Solta.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 43°23′N 16°17′E
Areal 58,98 km²
Høgaste punkt Vela Straža (238 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Demografi
Folketal 1 479 (2001)
Satellittbilete av Šolta

Šolta er ei øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik[1]. Ho har eit areal på 58,98 km², og eit folketal på 1 479 (2001).[2] Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža[3], som er 238 meter høg.[2] På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.

Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme.[3][1] Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen,[3] som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Šolta på Kroatien-online.com
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. 3,0 3,1 3,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Šolta