Brač

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brač
Hamna i Supetar
Hamna i Supetar
Geografi
CroatiaBrac.png
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 43°19′N 16°38′E
Areal 396 km²
Høgaste punkt Vidova Gora (778 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Største busetnad Supetar (3 500 innb.)

Brač (latin Bretia, Brattia) er ei øy i Adriatarhavet som høyrer til Kroatia med eit areal på 396 km², og er med det den tredje største øya i Adriatarhavet og den største i Dalmatia. Den høgaste fjelltoppen, Vidova Gora, er på 778 m, og det høgaste punktet på ei øy i Adriatarhavet. Øya har eit folketal på 13 000, som bur i fleire små landsbyar. Den største landsbyen er Supetar, med meir enn 3 500 innbyggjarar, medan det berre bur 10-15 menneske i Novo Selo.

Andre landsbyar på øya er Bol, Škrip (den eldste landsbyen frå førromersk tid), Pučišća, Splitska, Postira, Nerežišće, Donji Humac, Milna, Mirca, Gornji Humac, Dol, Sutivan, Sumartin, Praznica, Murvica, Povlja, Dračevica, Ložišća og mange fleire.

Hovudnæringane på Brač er stort sett basert på turisme, men òg fiske og jordbruk (særleg vin og oliven). I tillegg finst det verdifull kvit stein på øya, som vart brukt til å byggje Diocletianus palass i Split og Det kvite huset i Washington, D.C.. Historisk er Brač kjend for geitene sine, og sjølv Plinius den eldre skriv om den strålande osten, vinen og olivenolja som kom frå øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har vist at det har vore menneske på øya sidan paleolitisk tid. I bronse- og jernalderen slo illyriske stammer seg ned på øya, og talrike landsbyar har eksistert sidan den gong, sjølv om ikkje alle finst i dag.

300-talet fvt. koloniserte grekarane mange av dei adriatiske øyane, men aldri Brač. Grekarane vitja derimot øya og handla med dei illyriske stammene. I år 9 erobra romarane omsider Dalmatia etter lange kampar med lokale stammer. Salona vart hovudstad i den nye provinsen, og sidan øya ligg nær Salona vart det ikkje grunnlagd større landsbyar på øya. Splitska vart den viktigaste hamna på øya, og frå her frakta ein stein til Salona og heile Dalmatia. Diocletianus palass, som Split seinare vart bygd rundt, vart bygd i denne perioden med stein frå øya.

I mellomalderen vart øya ein del av Kroatia og kongen Tomislav. Då makta til Kroatia vart svakare og kom inn under Ungarn på 1100-talet, klarte Brač å halde seg sjølvstendig i nesten 200 år. Frå 1268 til 1357, vart øya ein del av Republikken Venezia, før dei kom inn under Ungarn. Sommaren 1390 vart øya og heile regionen ein del av den bosniske kongen Stefan Tvrtko I Kotromanić sitt rike, som døydde året etter. Like etter vart øya ein del av Ungarn igjen. Gjennom heile denne perioden haldt øya på sitt sjølvstyre og gamle strukturar, og øya var aldri rik eller strategisk viktig nok til andre blanda seg inn i styret. Først i 1420 kravde Republikken Venezia øya igjen, og sendte til slutt nokon til å styre over øya.

Venezia styrte over øya i meir enn fire hundreår, fram til 1797. Då Bosnia fall inn under Det ottomanske riket flykta mange til øyane i Adriatarhavet, og særleg til Brač. Mange landsbyar vart grunnlagd, og folkesetnaden flytta frå dei indre områda til kysten.

Under Napoleonkrigane var makta til Venezia styrta og Brač kom ei kort stund inn under Frankrike. I 1807 klarte Petar I Njegoš av Montenegro å erobre Brač og Korčula med hjelp av den russiske marinen. Ved Wienkongressen i 1814 vart øya gjeve til Keisardømet Austerrike. Brač vart ein del av den austerrikske kronjorda Dalmatia frå 1815 og frå 1867 ein del av Transleithania i monarkiet Austerrike-Ungarn. Etter Austerrike-Ungarns fall i 1918 vart Brač ein del av Kongedømet Jugoslavia.

Folkesetnaden minka drastisk på byrjinga av 1900-talet, då mange emigrerte til Sør-Amerika, New Zealand og Australia.

I 1941 okkuperte Italia øya. I fjellområda på øya kjempa innfødde opprørarar effektiv geriljakrig mot okkupantane, som svarte med arrestasjonar og avrettingar. Etter at Italia kapitulerte i 1943, okkuperte tyske troppar øya i juni 1944, men i juli var dei nedkjempa og øya frigjort. Som ein del av Kroatia vart ho ein del av Jugoslavia fram til Kroatia erklærte sjølvstende i 1991. Det var lite kamphandlingar på øya under Kroatia-krigen, men det var korte bombetokt av Milna. Etterverknadane av krigen, og særleg tapet av turisme, var derimot katastrofal for øya, og berre dei siste åra har øya igjen byrja å kome seg etter at turismen igjen har teke seg opp.

Sørsida av Brač

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Prirodne osnove otoka Brača, Bračni zbornik, vol. 14, Ivo Marinković, ed., SIZ za kulturu općine Brač, Supetar, 1984
  • Povijest otoka Brača, Dasen Vrsalovic, Publisher: Skupština općine Brač, Savjet za prosvjetu i kulturu, Supetar, 1968, OCLC: 8993839
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Brač frå Engelsk Wikipedia .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]