AART architects

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

AART architects er eit arkitektfirma i Aarhus i Danmark som har vunne fleire internasjonale arkitektkonkurransar, mellom anna i Noreg, og såleis vorte eit av dei leiande danske arkitektverksemdene. I 2012 fekk dei Østfold Arkitektforenings Arnstein Arnebergprisen for «gode byggverk som er tegnet av østfoldbaserte arkitekter eller byggverk oppført i Østfold» for Inspiria Science center i Sarpsborg[1], og i 2016 vann dei ein arkitektkonkurranse for utbygging av Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo til eit nytt vikingtidsmuseum. Dei har òg vunne konkurransane om nytt universitetsjukehus i Stavanger og nytt sjukehus for Østfold på Kalnes i Sarpsborg.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnstein Arnebergprisen, arkivert frå originalen 1. august 2016, henta 11. juni 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]