Aarhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aarhus
Tidlegare namn Århus
Aarhus sett frå hamna. Heilt bak spiret på domkyrkja, i midten Katedralskulen og føre Toldboden.
Aarhus sett frå hamna. Heilt bak spiret på domkyrkja, i midten Katedralskulen og føre Toldboden.
Kallenamn
«Jyllands hovudstad»
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Midtjylland
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

468 km²
5 956 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
 - Storbyområde

298 409
804 494
Koordinatar 56°09′″N 10°13′″EKoordinatar: 56°09′″N 10°13′″E
Diverse anna
Nettstad: www.aarhus.dk
Plassering
DenmarkCityOfAarhus.png

Aarhus (mellom 1948 og 2011 Århus) er den nest største byen i Danmark med 500 000 innbyggjarar i sjølve byen (nesten 300 000 i kommunen). I nærområda rundt bur det litt meir enn 800 000 innbyggjarar. Aarhus ligg på Jylland og er administrasjonssenter for Århus kommune og var det for Århus amt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Byen vart i mellomalderen, i Valdemar IIs jordebok, kalla Arus, i islandske kjelder Aros (etter urnordisk ar-os, 'elvemunning'). Seinare vert namnet trekt saman til Aars. Først i 1406 finn ein forma Aarhus, som i løpet av 1700-talet vert den vanlege forma. Byen vert første gong nemnt i 948, der Adam av Bremen nemner at «Reginbrand, biskop av kyrkja i Århus (Harusam)», deltar i et kyrkjemøte i byen Ingelham i Tyskland.

Bynamnet blei stava «Århus» med å frå den danske rettskrivingsreforma i 1948. 1. januar 2011 blei stavemåten endra tilbake til Aarhus gjennom eit vedtak i bystyret. Borgarmeisteren føreslo endringa for å gjera namnet meir internasjonalt og «i overensstemmelse med byens rødder».[1]

Vikingbyen Aros.

Vikingbyen[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste funna av hus er dei såkalla grubehusene, som var halvt nedgrave. Dei vart brukt både som bustadar og som verkstader I husa og dei tilhøyrande laga, har ein funne kammar, smykke og liknande, som tyder på at busetnaden er frå omkring år 900.

Ein meiner at det tidleg har vore ei lita trekyrkja like utanfor busetnaden, om lag der klosterkyrkja i dag ligg.

Funn av heile seks runesteinar i og omkring Aarhus tyder på at han i omkring år 1000 har vore viktig, da berre stormenn reiste runesteinar.

Omkring 1040 vart det halde møte i Aarhus, først av Hardeknud og seinare av Magnus den Gode.

Funn tyder på at det var ein del handverk, mellom anna kammar og treskjeringsarbeid, men utanlandske varer fortel òg om handel: Vektlodd og kvernsteinar frå Rhinområdet, klebersteinsvarar frå Nord-Skandinavia og keramikk frå Austersjøområdet.

Vollen[endre | endre wikiteksten]

Aarhus var i vikingtida omgjeve av ein halvsirkelforma forsvarsvoll, som i hovudsak følgde gatene med namn som stammer derfrå: Graven, Volden, Borgporten, helt til havet og langs med elva. Langs med yttersida har det vore senkingar i terrenget, slik at det har vore våte vollgraver rundt. Kor og når vollen er laga vet ein ikkje nøyaktig, men det har nok skjedd nokre år etter dei første busetnadane, men framleis tidleg på 900-talet. Han er seinare i fleire omgangar vorte forsterka og bygd høgare, tilsynelatande over over fire meter.

Rundt år 1300 skjedde det ei stor utbygging av byen: Det eldste rådhuset, føre domkyrkja, ein stor bispegard ved Rosengade nord for kyrkja og eit kapitelhus for administrasjonen til kyrkja på Bispetorv, samt fleire kannikebustadar. Vidare vart det bygd ei bru over elva ved Immervad, og Helligåndshospitalet ved Lilletorv.

Århus fekk kjøpstadsrettar i 1441. I 1477 gav kong Christian 1. lov til å reise eit vollanlegg etter at byen ikkje lenger var like militært viktig. I denne samanhengen oppstod gatene Volden og Graven. På Brobjerg vart eit karmeliter-kloster med kyrkje bygd, og på hjørnet av Vestergade og Grønnegade vart Sct. Karensgården bygd for å huse pestramma innbyggjarar frå byen. Domkyrkja vart modernisert i gotisk stil, og fekk tilføydd det høge tårnet, der spiret den gong hadde ei anna utforming.

1600-1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Byen leid under krigane på 1600-talet. I 1644 kravde svenskane høge skattar av Aarhus, og i perioden 1657-1659 vart byen fleire gongar omleira av dei. Trass i dette var Århus likevel ein viktig handelsby, og dreiv mellom anna handel til Noreg og med Lübeck, Amsterdam, England, Frankrike og Spania, og midt på 1600-talet var handelsflåten på ca. 100 skip. Korntransporten til Noreg og utlandet var årleg på ca. 20 000 tønner, på byrjinga av 1700-talet var transporten stige til ca. 36 000 tønner. Etter kvart byrja derimot nedgangstida i heile Danmark. I 1735 vart det berre drive liten handel med Lübeck og Noreg. Handelsflåten var berre halvparten så stor som han hadde vore, og hamna byrja å fyllast med sand, og i 1768 var det berre 31 skip igjen. I 1769 var det ca. 3500 innbyggjarar i Aarhus.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

1800-talet kom framgangen etter hadde frigjeve seg frå dominansen til hovudstaden og Hamburg. Medan byen i 1800 var den tredje største byen på Jylland, hadde byen i 1840 tatt igjen Randers og i 1850 òg Aalborg. Frå her har den materielle framgangen vore stadig veksande, mellom anna med utviding av hamna, og det veksande jernbanenettet. Kulturelt har byen etter kvart vorte kalla «Jyllands hovudstad», med mange institusjonar som Statsbiblioteket, mange høgare lærestader, sjukhusa, teateret og så bortetter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aarhus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]