Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen Stavanger. For kommunen, sjå Stavanger kommune. For tettstaden, sjå Stavanger/Sandnes.
Flyfoto av Stavanger sentrum.

Stavanger er ein by i Rogaland fylke og administrasjonssenteret i Stavanger kommune. Byen ligg på vestsida av munningen til Gandsfjorden og femner i tillegg øyane nord for munningen. I nyare tider er han kalla «oljebyen», og Statoil har hovudkontor på Forus 10 km sør for bysenteret.

Stavanger er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Rogaland. Byen er bispedøme og her er kontora til Rogaland politikammer, Ryfylke sorenskriveri og Stavanger tingrett. Av statlege og halvstatlege institusjonar i byen kan nemnast Statsarkivet i Stavanger, Oljedirektoratet, Statoil, avdeling av Noregs Bank og Noregs sjøkartverk, avdeling av Statens kartverk. Universitetet i Stavanger blei oppretta i 2005 med tre fakultet for teknisk-naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Store delar av verksemda ligg på Ullandhaug. I nærområdet ligg forskingsinstitusjonen IRIS. I Bjergstedparken ligg mellom anna universitetsavdelinga for kunstfag, administrasjonen til Stavanger Symfoniorkester og Stavanger Konserthus. Stavanger Universitetssjukehus ligg sør for Våland.

Stavanger hadde 124 960 innbyggjarar den 1. januar 2012. Byen utgjer saman med Sandnes, Sola og Randaberg ein samla folkemasse på 201 353 innbyggjarar (2012), og Stavanger/Sandnes er landets tredje største tettstad.

Bystruktur[endre | endre wikiteksten]

Stavanger bysenter
Gamle Stavanger

Bysenteret ligg ved Vågen, nord for Breiavatnet og jarnbanestasjonen. Det sentrale handelsstroket er i eit område med stort sett eldre trebygnad med tronge gater aust og søraust for Vågen. Kirkegata stikk seg ut som viktigaste forretningsgate. Ved nordenden av Breiavatnet ligg domkyrkja, eit av dei best bevarte bygga i Noreg frå mellomalderen. Attmed denne låg bispegarden, som grunnmur Kongsgård skole truleg er bygd på. Sentrum har opplevd endringar som følgje av ei fornying i utkantane av det gamle bysenteret, særleg kring Torget mellom domkyrkja og Vågen. Likevel er fleire eldre, verdifulle miljø ivaretekne, som Straen vest for Vågen (Gamle Stavanger), som for det meste er buområde.

Nær sentrum ligg austre bydel, som saman med det gamle bysenteret er skilt frå fastlandet med det markerte søkket mellom Hillevågsvatnet og Vågen. I denne går fylkesveg 44 og jarnbanen sørover. Vest for sentrum ligg Kielland-familiens Ledaal, som no er kongebustad, representasjonslokale for byen og museum. I sørvest ligg nærast sentrum bydelen Våland, på eit høgdedrag med vidt utsyn, og lenger ute Mosvatnet med friluftsområde. Aust og sør for Mosvatnet ligg dei nye bydelane Bekkefaret og Tjensvoll, som er avgrensa i sør av Ullandhaug, også med nemneverdige friluftsområde. Ved fylkesveg 44 sør for bysenteret ligg kontora til fylkesmannen og fylkeskommunen. Bydelen Hillevåg, utanfor munningen av Hillevågsvatnet, var sentrum i den tidlegare Hetland kommune. Her finst det betydeleg industri. Jernbanen og fylkesveg 44 går vidare sørover langs Gandsfjorden; her ligg buområde. I Hinnavågen eit større anlegg for bygging av oljeproduksjonsplattformer og på Forus på grensa til Sandnes eit større område for industri og annan næringsverksemd, særleg i samband med oljeverksemda med mellom anna hovudsetet til Statoil. Her er også eit forretnings- og servicesenter. Oljedirektoratet ligg på Ullandhaug, mellom Stavanger og Forus.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fram til starten av 1950-åra var Stavanger ein industriby med innslag av sjøfart og fiske, og over halvparten av dei yrkesaktive var sysselsette innan industrien. I nyare tider har næringsgrunnlaget i byen endra seg som følgje av strukturendringane i industrien og den store tilveksten av tenesteytande næringar. Verkstadindustrien er i dag viktigaste bransje innan industrisysselsettinga, og av dette utgjer produksjon av oljeplattformer ein vesentleg del. Andre nemneverdige industribransjar er grafisk/forlag og næringsmiddelindustri. Den grafiske industrien er særmerkt av trykkeri og dei store dagsavisene i Stavanger. Viktig innan næringsmiddelindustrien er foredling av lokale landbruksprodukt og produksjon av drikkevarer. I dei seinare åra er industrien blitt desentralisert, og av dei viktigaste nyare industriområda kan nemnast Forus ved grensa til Sandnes i sør og Dusavik ved grensa til Randaberg i nord. Her er det vesentleg petroleumsverksemd. Viktige eldre industriområde ligg i Hillevåg, Buøy og i dei austre bydelane og enkelte stader langsmed kysten.

Stavanger er i dag ein av dei viktigaste sjøfartsbyane i landet, og skipsfarten har hatt gjengs vore viktig for den økonomiske veksten i byen. Etter samanslåingane av kommunar i 1965 kom store jordbruksområde innan bygrensene til Stavanger, og som på Jæren elles blir det drive eit effektivt husdyrhald, med hovudvekt på storfe, svin og høns. Kornarealet er heller lite. Det blir drive mykje hagebruk på friland og i veksthus, i hovudsak med byen som marknad. Folkeveksten i Stavanger og den høge parten dyrka jord innan bygrensene fører til konfliktar mellom jordbruks- og utbyggingsinteresser.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Stavanger har stor innan- og utanrikstrafikk

Stavanger er eit trafikknutepunkt som er knytt godt til resten av fylket. E 39 går i ein boge utanom dei sentrale strøka i byen og går saman med fylkesveg 44 i retning sør mot Sandnes. Fylkesveg 509 og fylkesveg 510 går i retning vest til Madla og sørover til Sola, på kvar si side av Hafrsfjord. På E 39 i retning nord er det tunnel under Byfjorden frå Mekjarvik i Randaberg via ei rekkje øyar til Rennesøy. Derfrå går bilferje til Bokn som er landfast med Haugalandet. Det går òg bilferje frå Mekjarvik til Skudeneshavn på Karmøy via fylkesveg 47. Det går fleire bilferjer og lokale båtruter til øyane i Boknafjorden og Ryfylke, viktigast av desse bilferja til Tau på riksveg 13 (Ryfylkevegen). Hamna har stor innan- og utanrikstrafikk med bilferje til Newcastle, faste godsruter til kontinentet, Storbritannia og Nord-Amerika.

Sørlandsbanen ender ved Stavanger og derfrå går det ei rekkje båtsamband nordover mot Ryfylke og Haugalandet med Haugesund i tillegg til Sunnhordland og Bergen. Stavanger lufthamn, Sola er ei internasjonal lufthamn som ligg 13 kilometer sørvest for bysenteret. På Forus er det helikopterflyplass med samband til plattformene i Nordsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå Vågen i Stavanger med Valbergtårnet til høgre.
Norsk Oljemuseum på Kjerringholmen.

Det er mykje uvisse om kva tid Stavanger blei grunnlagt. På 1000-talet hadde staden visse sentrumsfunksjonar, men nokon eigentleg by var det neppe før bygginga av domkyrkja. Tradisjonelt reknar ein dette til 1125, då kyrkja blei begynt på av den engelske biskopen Reinald av Winchester. Den fyrste tida spelte byen størst rolle som geistleg sentrum i eit bispedøme som omfatta Rogaland, Agder, Hallingdal og Valdres. På slutten av 1100-talet blei dei verdslege, administrative funksjonane gradvis utvikla, og også økonomisk verksemd følgde med under rolla som geistleg sentrum. Tilbakegangen på siste del av 1300-talet råka staden hardt, og fulle kjøpstadsrettar i 1425 kunne ikkje hindra ei langvarig nedgangstid. Fyrst utpå 1500-talet fekk byen igjen eit oppsving, i fyrste rekke som følgje av sildefisket. Stavanger blei i 1568 administrasjonsby i det nyoppretta Stavanger len, som stort sett omfatta det nåverande Rogaland fylke.

Byrjinga av 1600-talet var også ei kulturell veksttid, med mellom anna rike utsmykkingar av domkyrkja. Byen fekk alvorlege tilbakeslag frå midten av hundreåret som følgje av grunnlegginga av byen Kristiansand i 1641 og dei seinare pålegga om flytting av bispesete, stiftamtmannen og lagdomstolen i åra 1683 og 1684. Etter ein bybrann i 1684 blei også kjøpstadsrettane tekne frå Stavanger og ført over til Kristiansand, men desse fekk byen tilbake att i 1690. Fyrst utpå 1800-talet følgde igjen verkelege oppgangstider, fyrst som følgje av nytt oppsving i sildefisket, seinare også på grunn av skipsfarten. Kriseåra i 1870- og 1880-åra bar med seg eit endeleg brot med den einsidige avhenga av sildefiske og seglskutefart. Då oppstod ei rekke nyvinningar i industri og samferdsle som frå 1890-åra gav støytet til ein kraftig vekstperiode med eit heilt anna økonomisk grunnlag enn tidlegare.

Jærbanen til Egersund blei opna i 1878, og forlenga til Flekkefjord i 1904, og dampskipa avløyste seglskipa i kysttrafikken. Landets fyrste hermetikkfabrikk, Stavanger Preserving, blei starta i 1873, og hermetikkindustrien drog med seg blikkemballasjefabrikkar, trykkeri, kassefabrikkar med meir. Også jordbruket på Jæren fekk for alvor innverknad for næringslivet i Stavanger, og ein moderne skipsindustri blei etablert. Veksten heldt fram nærmast uavbrote til 1920-åra, men depresjonen i mellomkrigstida råka byen sterkt. Folkemengda i tettstaden Stavanger hadde auka frå om lag 2 500 i 1815 til 23 500 i 1875, men i 1890 derimot berre til 24 400. Vekstperioden 1890–1920 innebar meir enn ei fordobling av folketalet til 50 400 i 1920. Etter 1945 har det vore ei ytterlegare differensiering i næringslivet. Den dominerande rolla til hermetikkindustrien forsvann før 1960. Denne industrigreina hadde under den fyrste verdskrigen 54 bedrifter med om lag 8 000 tilsette innan bygrensene og stod for 70 % av landets hermetikkutførsel. Dei viktigaste trekka i næringsutviklinga etter 1960-åra er petroleumsverksemda, som har gjeve byen store vekstimpulsar og gjort han til landets viktigaste oljeby. Norsk Oljemuseum opna i 1999 på Kjerringholmen i Stavanger. Frå 2005 er Stavanger universitetsby etter opninga av Universitetet i Stavanger.

Målføret i Stavanger[endre | endre wikiteksten]

Stavangermålet har mykje felles med dei andre målføra i Rogaland, og har både a-infinitiv («å riva») og a-endingar på svake hokjønsord («ei riva»). Stavanger ligg i det området i Rogaland som høyrer til «den blaude kyststribå» og målføret er kjenneteikna av blaute konsonantar, der konsonantane p, t, k blir gjort om til b, d, g, og bruken av Skarre-r. Æ-lyden blir ofte bytt ut med ein e-lyd , til dømes sær → ser, hæl → hel, bær → ber. Spørsmål begynner ofte med ordet om, som i «Om du vett ka klåkkå e?» eller «Om eg kan få is?».

Bymålet i Stavanger har to variantar; vanleg folkemål og «pent» stavangersk. På pent stavangersk legg ein om språket i retning av dansk / bokmål, og ein vel å bruka ord som «ikke» i staden for «ikkje», «je» i staden for «eg», «gottene» i staden for «guttane», «hytten» i staden for «hyttå» og så vidare. Det mest kjende verket om Stavanger-dialekten er Stavanger bymål som er skrive av rektor Mandius Berentsen og språkforskar Amund Larsen og utgjeve i 1925. I 2009 blei boka Ska sei! av Erling Jensen gjeve ut på Commentum Forlag AS, som inneheld 850 ord og uttrykk frå Stavanger.

Lydopptak av Stavangermål[endre | endre wikiteksten]

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Stavanger har 11 vennskapsbyar i fire verdsdelar.[1]

Kjende folk frå Stavanger[endre | endre wikiteksten]

Per Inge Torkelsen
Foto: Espen Mills

Folk frå Stavanger by blir ofte kalla siddisar. Ordet stammar truleg frå det engelske ordet «citizen» (borgar, innbyggjar), som sannsynlegvis blei fornorska av norsk-amerikanarar eller lokale sjøfolk i utanriksfart.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vennskapsbyer. Stavanger kommune. Vitja 28. juni 2013.
  2. Finn Rømckes (20. juni 2002). Er du siddis?. Stavanger Aftenblad. Vitja 28. juni 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stavanger

Koordinatar: 58°58′12.2″N 5°43′60.0″E