AB Partner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AB Partner
Skipa1955
LandSverige
Partner 462.

AB Partner var eit svensk føretak som produserte motorsager. Historia til føretaket starta i 1949, då AB Bergborrmaskiner, som produserte fjellborrmaskinar, tok til å produsera den fyrste svenske einmannsmotorsaga, under namnet «Be-Bo».[1] Denne saga var svært lik den canadiske saga Hornet DJ-3500H, med hadde kraftigare motor. Sjølv om saga hadde ein masse på 20,5 kg vart ho godt motteken, og vart produsert fram til 1955.

I 1955 gjekk AB Bergbormaskiner saman med Göteborgs lättmetallgjuteri AB, under namnet «AB Partner», og det vart bygd ein ny fabrikk i Mölndal, der ein forbetra modell kalla Partner C6 vart produsert. Både Be-Bo og Partner C6 hadde veivakselen plassert på langs, og kjeda vart driven via eit vinkelgir. Det vart nytta flottørforgassar, og når saga skulle nyttast for felling vart sverdet rotert 90°, slik at forgassaren framleis stod i same vertikale stilling.

I 1958 tok produsksjonen av Partner R11 til. Dette var ei mykje lettare sag, med direktedrift av kjeda. Seinare kom det fleire forbetra modellar: R12 (1962), R14 (1964), R16 (1967), etc. I 1978 vart Parner og Jonsereds oppkjøpt at Electrolux, som òg kjøpte Pioner året etter. Varemerket Partner vart nytta fram til 2000, då det vart utfasa.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.