ALH 84001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
ALH84001.jpg

ALH 84001 eller Allan Hills 84001 er ein meteoritt som vart funnen i Allan Hills i Antarktis den 27. desember 1984 av ein USA-amerikansk meteoritt ekspedisjon. Ein trur at meteoritten kjem frå Mars. Då han vart oppdaga var massen 1,93 kg. Meteoritten vart verdskjend i 1996 då forskarar annonserte det dei meinte kunne vere bevis etter mikroskopiske fossil etter bakteriar frå Mars.

Steinen er truleg ein av dei eldste i solsystemet og vart truleg danna av smelta stein for 4,1 milliardar år sidan.[1]. Ein trur at steinen vart broten sund under eit kraftig meteorittnedslag på Mars for 3,9 til 4,0 milliardar år sidan, men vart liggande på planeten. Han vart seinare kasta opp frå overflata av eit anna nedslag for kring 15 millionar år sidan, og kom ned på jorda for om lag 13 000 år sidan. Desse tala har ein kome fram til med radiometrisk datering.

Om funna på meteoritten verkeleg er teikn på liv på Mars, kjem av abiotiske prosessar på Mars eller er forureina på jorda etter nedslaget, er ein prosess som framleis pågår.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lapen, T. J.; et al. (2010). «A Younger Age for ALH84001 and Its Geochemical Link to Shergottite Sources in Mars». Science 328 (5976): 347–351. doi:10.1126/science.1185395. 
  2. Bada, J. L.; Glavin, D. P.; McDonald, G. D.; Becker, L. (1998). «A Search for Endogenous Amino Acids in Martian Meteorite ALH84001». Science 279 (5349): 362–365. doi:10.1126/science.279.5349.362. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]