AS Oslo Sporveier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

AS Oslo Sporveier blei oppretta som AS Kristiania Sporveier i 1924. Oslo hadde hatt to private sporvognselskap lenge, Kristiania Sporveisselskab frå 1875 og A/S Kristiania Elektriske Sporvei frå 1894. Då konsesjonane til begge desse selskapa gjekk ut i 1924, nytta Oslo kommune innløysingsretten sin, og slo dei to selskapa saman til eit aksjeselskap kor kommunen eigde 51%. Berre Kristiania Elektriske Sporveis line frå Jernbanetorget til Lilleaker heldt fram i privat eige, som A/S Bærumsbanen. Selskapet skifta namn då byen skifta namn, frå Kristiania til Oslo, 1. januar 1925

I åra framover utvida Oslo Sporveier stadig. Bussdrift kom i 1927, T-bane i 1966. I 1944 tok selskapet over driftsansvaret for Bærumsbanen, som då òg innbefatta Østensjøbanen. Ved samanslåinga av Oslo kommune og Aker herad i 1948 blei Oslo Sporveier og A/S Akersbanerne slått saman. A/S Ekebergbanen blei teke over i 1965, A/S Holmenkollbanen i 1975.

Frå 1997 og framover er den kommunale kollektivtransporten i Oslo blitt omorganisert. Dagens (juli 2007) AS Oslo Sporveier er eit kommunalt administrasjonsselskap med om lag 50 tilsette, som står for planlegging og innkjøp av tenester. Den kommunale drifta foregår i selskapet Kollektivtransportproduksjon AS, med dotterselskap.

Oslo kommune hadde også eit sporvognsselskap, Kristiania Kommunale Sporveie, i tida 1897 til 1905. Dette hadde nokre lause linestrekningar i samband med Kristiania Sporveier sitt net, og blei kjøpt opp av dette selskapet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]