Buss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei rekke med karakteristiske, engelske Routemaster-bussar

Ein buss er eit køyretøy som er utforma for å frakte ei mengd passasjerar over ein distanse på veg eller gate. Ein sjåfør, somme tider saman med ein konduktør, utgjer mannskapet. Vanlege bussar fraktar med seg drivstoff eller annan energi til framdrifta. Termen buss er ei språkleg nydanning etter det latinske omnibus som tyder for alle. For å føra buss krevst det førarkort klasse D.

Dei moderne trolleybussane i Bergen er leddbussar.
Buss som vert styrt av styreskjener, ein såkalla sporbuss, på O-Bahn Busway i Adelaide.

Moderne bussar i byområde vert ofte laga som ekstra lange køyretøy med eit ledd som gjer det mogleg å manøvrere bussane i bygatene, sokalla leddbussar. Det finst òg bussar som vert drivne av elektrisk straum frå to leidningar som heng over gata, såkalla trolleybussar. I tillegg kan slike trolleybussar ha eigen diselmotor, slik at dei kan køyrast andre stader enn der det er leidningar. I Noreg er det berre ei bussline i Bergen som nyttar dette systemet.

Somme stader har ein laga ei slags kombinasjon av buss og sporvogn, sokalla sporbuss, ved at ein vanleg buss med gummihjul vert styrt av ei skjenesystem på større eller mindre partar av ruta. Bussen kan anten verte køyrd i betongspor, eller det kan vere sett opp jarnspor langs traseen som horisontale styrehjul på bussen ligg inntil.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Det første offentleg transport-systemet med buss var truleg i Paris, der Ludvig 16. i 1662 gav Blaise Pascal løyve til å driva kollektivtransport med hestar. Dei fyrste rutene starta den 18. mars same året.[1]

Nantes i Frankrike fekk kollektivtransport i 1826. Dette skjedde då Stanislas Baudry, ein tidlegare offiser som hadde bygd offentlege badebasseng, sette opp ei kort rute mellom sentrum og badebassenga. Bussen gjekk då frå Place du Commerce. Etter kvart fann Baudry ut at passasjerane var vel så interesserte i å gå av mellom dei to endestasjonane som å ta bussen heile vegen. Han skifta fokus og sette ruta opp med mellomstasjonar. Etter kvart frakta han òg post i tillegg til passasjerar. Bussen hans hadde trebenkar, og påstiginga var bak.

Det er også påstått at John Greenwood i 1824 var den første som køyrde ei bussrute, den gjekk frå Market Street i Manchester til Pendleton i Salford.[2] Seinare, i 1827, starta òg Walter Hancock ei bussrute mellom London og Epping.[1]

«Omnibus» (1864) av Honoré Daumier.
Benz-Omnibus i 1896

I 1828 reiste Baudry til Paris, der han starta eit selskap med namnet Entreprise générale des omnibus de Paris. I mellomtida starta sonen hans, Edmond Baudry, to like selskap i Bordeaux og i Lyon.[3] Ei avis i London rapporterte den 4. juli 1829 om det nye køyretøyet, kalla omnibus, som skulle køyre frå Paddington stasjon til City. Dette busstilbodet blei starta av George Shillibeer.

I New York, starta omnibus-tilbodet same året, då Abraham Brower, ein entreprenør som hadde organisert fire selskap, oppretta ei rute langs Broadway som starta ved Bowling Green. Andre byar i USA følgde raskt etter: Philadelphia i 1831, Boston i 1835 og Baltimore i 1844. I dei fleste tilfella fekk bystyra eit privat selskap til å operera transporten langs bestemte ruter. For å gjere dette måtte selskapa oppretthalde tilbodet, slik at det til ein kvar tid var godt.

Ulike typar busstilbod[endre | endre wikiteksten]

Ein rutebuss i Oslo.
Kystbussen, ein ekspressbuss.
  • Rutebussar tilbyr offentleg transport innanfor ein by eller eit område, vanlegvis over korte distansar. Dei stoppar med mange busstopp, kanskje berre med to til tre kilometers mellomrom. I mange nyare bussar har fremre halvdelen av denne typen eit svært lågt golv, slik at rullestolbrukarar og personar med barnevogn enkelt kan kome på og av.
  • Ekspressbussar tilbyr transport mellom byar eller tettstader som ligg lengre vekke frå einannan. Desse går vanlegvis ikkje innom så mange busstopp som lokalbussane gjer, og kan dermed halde eit høgare tempo. Denne typen transport er viktig for mindre tettstader eller område med liten busetjing, då innbyggjarane ved hjelp av bussane lettare kan kome seg til større byar, og vidare derifrå. Setene er ofte høgt oppføre vegen, då det vanlegvis er bagasjerom under.
  • Bussar som går i skytteltrafikk tilbyr transport mellom to destinasjonar, til dømes busstasjonen i sentrum, og skulen som ligg utanfor. Denne typen blir ofte tilbode av skular, flyplassar, bedrifter og turist-destinasjonar.
  • Turistbussar køyrer turistar til sjåverdige stader. Turistbussar i byar køyrer som regel berre rundt i byen, medan ein gaid fortel turistane kor dei skal sjå og kva dei ser når dei ser dit. På turar over lengre distansar er det vanleg at bussen stoppar der attraksjonane er.
  • Skulebussar køyrer elevar, studentar og lærarar til skulen når den tar til, og vekk frå skulen når den sluttar. Skulebussar kan òg bli brukte til å køyre elevar til ulike arrangement. Enkelte skular har ikkje skulebussar, og stoler på at rutebussane fraktar elevane trygt fram.
  • Charterbussar er bussar med sjåfør, som interesserte kan leige til turar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]