Aba i Nigeria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Nigeria med Aba avmerkt.
Aba

Aba er ein by som ligg ved elva Aba i delstaten Abia sør i Nigeria. Byen ligg om lag 58 km nordaust for Port Harcourt. Byen har 944 000 innbyggjarar i storbyområdet,[1] og om lag 4 millionar innbyggjarar om ein tel med omlandet. Aba var hovudstad i utbrytarstaten Biafra, frå 1967 til 1970.

Området vart opphavleg busett av ngwa-stamma av igbofolket, og vart seinare sentrum for den britiske koloniadministrasjonen. Byen fekk jarnbanesamband til Port Harcourt i 1915. I dag er Aba ein by med mykje handelsaktivitet og småindustri, og det kommersielle senteret i Abia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.