Ablativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ablativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til ablativ er frå, ut av. Ablativ finst i latin, finsk og i andre austersjøfinske språk. Eit døme frå finsk er Vauva putosi pöydältä «Spedbarnet datt ned frå bordet» (pöytä, «bord»).