Finsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finsk
(suomi)
Klassifisering: Uralsk
 austersjøfinske språk
Bruk
Tala i: Flag of Finland.svg Finland
Flag of Norway.svg Noreg (delvis offisiell status)
Flag of Sweden.svg Sverige (delvis offisiell status)
Flag of Russia.svg Russland (delvis offisiell status)
Område: Norden, Karelen
Finsktalande i alt: 6 500 000
Rangering: 106
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Finland.svg Finland
Flag of Europe.svg EU
Normert av: Forskningscentralen för de inhemska språken
Språkkodar
ISO 639-1: fi 
ISO 639-2: fin
ISO 639-3: fin
Wikipedia på finsk

Finsk (finsk: Suomi) er eit austersjøfinsk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av ca. 6 million menneske i Finland, til ein viss grad også i nabolanda, og i utvandrarsamfunn i USA, Canada og Australia.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Uttale av finsk skriftspråk

Finsk har eit skriftspråk som speglar den fonologiske strukturen i talespråket bortimot perfekt. Kvar bokstav representerer ein lyd (rettare, eitt fonem), og kvart fonem er representert av ein bokstav. Unntaket er bokstavsekvensen «ng», som blir uttalt /ŋŋ/. Ordet sangen, som tyder «ganske», blir med andre ord uttalt på same måten som det norske ordet som vi skriv på same måten, nemleg /saŋŋen/.

Vokalane har omtrent dei same lydverdiane som i tysk, merk spesielt at finsk y blir uttalt som tysk ü og ikkje som norsk y. Konsonantane har same lydverdi som i norsk, men p, t, k har aldri pustelyd (aspirasjon), som i norsk. p i pakka («kortstokk») blir altså uttala som «pakka» i det norske ordet spakka (men utan s), og ikkje som det norske ordet pakka. Lengde blir representert ved dobbeltskriving. Ordet Kitee (namnet på ein finsk kommune) blir altså uttalt med kort i, kort t og lang ee. Trykket er likevel på første stavinga (det er det alltid).

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre samiske og austersjøfinske språka skil finsk seg frå dei germanske og baltiske grannespråka ved å ha typisk uralske grammatiske trekk. Visse grammatiske trekk er likevel utypiske sett i eit uralsk perspektiv (kasuskongruens, vokalsystem, tempyssystem), slike utypiske trekk er som regel resultat av baltisk og germansk påverknad.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Finsk fonologi.

Finsk har åtte vokalar, tre fremre (y, ö, ä), tre bakre (u, o, a) og to nøytrale (i, e). Fonetisk sett er sjølvsagt dei nøytrale vokalane fremre, men desse vokalane opptrer i to ulike system av vokalharmoni, og i dette systemet er i, e nøytrale. Det eine systemet er stammeharmoni. I same stamme kan vi ha berre fremre vokalar, eller berre bakre vokalar, mens dei nøytrale vokalane kan opptre i lag med både fremre og bakre. Orda tuli «eld», syli «fang», takka «peis», rukkanen «arbeidshanske» er alle moglege finske ord, men *suly, *täkka, *rykkanen ikkje er det. Det andre systemet er ordformharmoni. Finske suffiks opptrer i to variantar, enten med fremre eller med bakre vokalar. Viss stammen inneheld bakre vokalar, gjer suffikset det også, men viss han ikkje inneheld bakre vokalar, inneheld suffikset fremre vokalar. Til 3. person fleirtalssuffikset -vat/-vät har vi altså He tulevat, syövät ja menevät "Dei kjem, et og går", med a eller ä i suffikset alt etter vokalismen i stammen.

Alle dei finske vokalane kan vere lange eller korte, og til skilnad frå norsk kan dei vere lange også i trykklett (ikkje-initial) staving. Ei ordform som eloon (illativ av elo «liv») har kort e, kort l og lang o («å»), men likevel trykk på første stavinga. Dei fleste finske konsonantane kan også vere korte eller lange (h kan vere berre kort og ŋ berre lang).

Finsk har hovudtrykk på første staving i samtlege ord. Bitrykk fell som oftast på tredje, femte, osb. staving, men i visse tilfelle blir bitrykket flytta (sjå artikkelen om finsk fonologi).

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Finsk morfologi.

Finsk har ein rik bøyingsmorfologi.

Substantiv og adjektiv skil seg morfologisk sett lite frå kvarandre. Begge blir bøygd i 15 kasus og 2 tal.

Finsk har dei grammatiske kasusa nominativ, genitiv, akkusativ og partitiv. Nominativ er kasus for subjekt og subjektspredikativ (Pekka on opettaja, «Pekka er lærar». Genitiv er framfor alt kasus for possessor (Pekan auto «Pekkas bil»), for komplementet til postposisjonar (auton takia «på grunn av bilen»), og i visse tilfelle også for subjektet (Pekan täytyy lähteä «Pekka må dra»). Objektet står i akkusativ i dei tilfella der handlinga er avslutta (Pekka osti auton «Pekka kjøpte ein bil», Pekka söi leivän «Pekka åt opp brødet»). Viss handlinga ikkje er avslutta, eller viss ho er nekta, står objektet i partitiv: Pekka ei ostanut autoa «Pekka kjøpte ikkje ein bil, Pekka ajoi autoa »Pekka køyrde bil«, Pekka söi leipää »Pekka åt brød (og det vart att brød etterpå)«. Akkusativ endar på -n for substantiv og adjektiv, men på -t for pronomen (Pekka näki sinut »Pekka såg deg«). Viss setninga ikkje inneheld eit subjekt som kongruerer med verbet sitt, manglar akkusativen suffikset -n, og liknar på nominativ (men vekslar med partitiv i nekting): Karhu ammuttiin »Bjørnen vart skote«, Hänet ammuttiin »Han/ho vart skote«; partitiv: Karhua / häntä ei ammuttu »Bjørnen / han / ho vart ikkje skote".

Resten av kasusa er adverbiale kasus. Av dei utgjer 6 kasus (illativ, inessiv, elativ, allativ, adessiv, ablativ ) eit avgrensa lokalkasussystem, jf. presentasjonen under uralske språk. Dei resterande kasusa er dei generelle adverbiale kasusa translativ -ksi, (Kirja on käännetty suomeksi, "Boka er omsett til finsk), essiv «-na» (Olen töissä opettajana «Eg arbeider som lærar») og abessiv -tta, Ole huoletta «Ver utan bekymringar!», og dei meir marginale komitativ -ine («Porvoo vanhoine taloineen »Borgå med sine gamle hus«) og instruktiv -n. Komitativ blir berre brukt i fleirtal, sjølv om det refererer til berre ein: Pääministeri vaimoineen »statsministeren med frue« (i lag blir det to av dei). Instruktiv er som regel brukt i fleirtal, t.d. Vuonna 2005 juhlitaan fysiikkaa monin tavoin, »I 2005 blir fysikk feira på mange måtar". I eintal brukast instruktiv berre i visse faste uttrykk: (Hän tuli jalan, «Han/ho kom til fots»). Også bruksområdet til abessiv blir smalare, produktiv er abessiv i 3. infinitiv, Pärjäät hyvin lukematta mitään "Du klarar deg godt utan å lese noko som helst«, men »utan X« blir no helst uttrykt med preposisjonen ilman »utan«, altså ilman polkupyörää »utan sykkel" heller enn ?polkupyörättä.

I tillegg til den same kasusbøyinga som substantiva har adjektiv gradbøying. Suffiksa for komparativ og superlativ er -mpi, -in, «fin - finare - finast» er hieno - hienompi - hienoin.

Finske verb blir bøygd i 3 personar, 2 tal, 4 modi og 2 tempi. I tillegg kjem eit system med 4 (5) infinitivar og 2 partisippar, som blir bøygd i kasus og tal.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Finsk syntaks.

Typologisk sett er finsk eit SVO-språk. Til skilnad frå norsk har det likevel relativt fri ordstilling, og alle 6 moglege kombinasjonar av S, V og O er i visse tilfelle moglege. Ei relativt vanleg rekkjefølgje er OVS, som blir brukt der vi på norsk ville ha brukt passiv: Sillan avasi kuningas (bru-Akk opna konge-Nom) "Brua vart opna av kongen", for ein situasjon der brua er kjend informasjon, og spørsmålet er kven som opna ho.

Ja/nei-spørsmål blir i finsk danna med hjelp av klitikonet -ko/-kö, som hektar seg på det første leddet i setninga: Oletko suomalainen? «Er-2sg-SPM finsk = Er du finsk?». Også andre ledd enn verbet kan flyttast fram: Jalkapalloko lienee syynä? (fotball-SPM er-Potensialis grunn-Essiv) «Er det fotball som kan vere grunnen?» Andre spørsmål blir danna som på norsk, med spørjepronomen eller spørjeadverb, som blir sett først i setninga: Milloin tulit (når kome-Pret-Sg2) "Når kom du?".

Til skilnad frå norsk har finsk ikkje bestemt eller ubestemt artikkel, bestemtheit blir uttrykt dels ved hjelp av kasus, og dels ved hjelp av ordstilling. «Det står eit glas på bordet» er pöydällä on lasi (bord-Adessiv er glas), mens Glaset står på bordet" er Lasi on pöydällä. (sjå også artikkelen om Eksistensialsetningar).

Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Hovudartkkel: Finsk ordforråd

Det finske ordforrådet har ein kjerne av uralske ord. I perioden etter innføringa av jordbruket har finsk lånt inn svært mange ord frå dei baltiske og germanske nabospråka. Etter at finsk vart offisielt språk i 1863, fekk vi ein periode med ein relativt puristisk språkpolitikk. Mange ord vart laga for å erstatte nye svenske lån, som puhelin, johtaja for tidlegare telefuuni, tirehtööri. Etter krigen har denne politikken vore mindre dominerande, vi har ord som deodorantti, kosmonautti. Det finske språksamfunnet viser likevel i langt større grad enn nabospråka sine ein vilje til å utvike ein nasjonal terminologi, jf. nylagingar som levyke, tiedosto, hakemisto for "diskett, fil, directory".

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Finsk indre språkhistorie

Finsk og dei næraste slektspråka (dei austersjøfinske språka) går attende til det som blir kalla urfinsk (kantasuomi). Språksteget før urfinsk blir kalla tidleg urfinsk (varhaiskantasuomi), det omfattar dei austersjøfinske og samiske språka, eit betre namn ville dermed vore austersjøfinsk-samisk urspråk, eller vestleg ururalsk. Tidleg urfinsk tok til å dele seg inn i urfinsk og ursamisk for ca. 3000-3500 år sidan, då jordbruksrevolusjonen førte til kontakt mellom urfinsk og indoeuropeisk i den sørlegaste delen av språkområdet.

Dei austersjøfinske språka delte seg relativt tidleg inn i ei nordleg og ei sørleg grein, med Finskebukta som skilje, sjølv om det var klåre fellestrekk mellom dei finske dialektane i sørvest og dei estiske dialektane på andre sida av Finskebukta. Eit nytt skilje kom med den politiske delinga rundt 1200-talet, då Finland kom inn under vestleg kontroll og store delar av Karelen kom inn under austleg, russisk kontroll. Innanfor det finske språkområdet voks det også fram språklege skilje etter geografiske grenser, mellom (eigentlege) finnar, tavastlendingar, savolaksarar og karelarar.

Baltisk og germansk påverknad, og deretter åtte hundre år under svensk dominans sette språklege spor, framfor alt innanfor ordforråd og syntaks. Det finske kulturordforrådet, medrekna heile ordforrådet innanfor jordbruk, er lånt frå baltisk, germansk, urnordisk og seinare svensk. Germansk påverknad har også vore sterk innanfor syntaksen, der infinitte verbkonstruksjonar har vorte avløyst av relativsetningar.

Finsk språk endra seg relativt lite i tusenåret fram mot 1900-talet. Frå og med at den moderne finske nasjonalstaten var etablert, fekk den finske språkpolitikken også konsekvensar for språket i Finland. Store delar av kulturordforrådet som har kome til det siste hundreåret har kome som eit resultat av målmedvite måldyrking, der finske røter og affiks har vorte brukt til å danne nye ord. Germanske syntaktiske konstruksjonar har vorte fjerna (som agens i passivsetningar) eller overført til eit talespråkleg stillag (som relativsetningar).

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Finsk ytre språkhistorie

Finsk har ei skriftleg historie som går attende til reformasjonen, då Mikael Agricola omsette Det nye testamentet til finsk. Då Finland gjekk over frå å vere ein del av Sverige til å bli eit storfyrstendømme i Russland i 1809, fekk svensk ein konkurrent i russisk som statsberande språk. Kombinert med romantikken sine ideal om folket sitt eige mål førte dette til eit oppsving for finsk skriftspråk. I den såkalla Finske dialektkrigen (1820-40) vart basen for skriftspråket endra, frå å vere vestleg basert til å bli eit kompromiss mellom dei aust- og vestfinske dialektane, mykje på same måten som norsk var eit resultat av Ivar Aasen sitt arbeid. Ei anna viktig hending var publiseringa av Kalevala, det finske nasjonaleposet, i 1836. Finsk vart offisielt jamstilt med svensk i 1863 (med ein overgangsperiode på 20 år for tenestemenn til å lære seg finsk).

Tidleg på 1900-talet var det ein hard språkstrid om Universitetet i Helsingfors, der begge partane ville ha eit einspråkleg universitet. Begge partane tapte, og begge grunnla eigne universitet i Åbo, Turun ylipoisto for dei finskspråglege og Åbo Akademi for dei svenskspråklege.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk