Adam Sandler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adam Sandler i Berlin i 2009 på premieren til Click

Adam Richard Sandler (fødd 9. september 1966) er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, komikar, produsent og manusforfattar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sandler vart fødd i ein jødisk familie i Brooklyn i New York City, men flytte til Manchester i New Hampshire som femåring og voks opp der. Han viste tidleg talent for komedie, og i 1987 debuterte han som skodespelar i situasjonskomedien The Cosby Show der Bill Cosby spelte familiefar. Sandler hadde ei rolle i serien fram til 1988. I 1989 spelte han i sin fyrste spelefilm, Going Overboard der han sjølv var med som manusforfattar. Filmen hadde sjølvbiografiske trekk, då han handla om ein ung komikar som prøvde å gjera karriere i underhaldninga ombord på eit cruiseskip.

Karrieren til Adam Sandler skaut fart på slutten av 1990-talet med filmar som Billy Madison (1995), Happy Gilmore (1996) og Bryllupssangeren (1998). Adam Sandler er i dag ein vellukka skodespelar, som særleg har mange hovudroller i komediar bak seg i karrieren.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Going Overboard (1989)
  • Billy Madison (1995)
  • Happy Gilmore (1996)
  • Bryllupssangeren (1998)
  • The Waterboy (1998)
  • Big Daddy (1999)
  • Mr. Deeds (2002)
  • Anger Management (2003)
  • 50 First Dates (2004)
  • Spanglish (2004)
  • The Longest Yard (2005)
  • Click (2006)
  • I Now Pronounce You Chuck & Larry (2007)
  • You Don't Mess with the Zohan (2008)
  • Bedtime Stories (2008)
  • Funny People (2009)
  • Grown Ups (2010)
  • Just Go With It (2011)
  • Zookeeper (2011)
  • Jack and Jill (2011)
  • That's My Boy (2012)
  • Hotel Transylvania (2012)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]