Adamsbreen i Victoria Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°7′S 163°38′E
Adamsbreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 78°7′S 163°38′E
Administrert under Antarktistraktaten
Adamsbreen i Victoria Land is located in Antarktis
Adamsbreen i Victoria Land (Antarktis)

Adamsbreen er ein liten isbre like sør for Miersbreen i Victoria Land. Toppen av Adams- og Miersbreane, som begge ligg i Miers Valley er skild av ein låg rygg og austenden av denne ryggen er nesten heilt omgjeve av snutane til dei to isbreane, som nesten møter kvarandre i botnen av dalen, kring 1,5 km oppom Lake Miers, der dei munnar ut. Han vart namngjeven av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) etter løytnant (seinare sir) Jameson Adams, nestkommanderande for gruppa på land under den britiske antarktiskekspedisjonen (1907–09), og ein av mennenen som var med Ernest Shackleton til nærleiken av Sørpolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Adams Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).