Nimrod-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jameson Adams, Frank Wild og Eric Marshall (frå venstre til høgre) plantar unionsflagget på den sørlegaste posisjonen 88° 23' den 9. januar 1909. Dette bilete vart teke av ekspedisjonsleiaren Ernest Shackleton.

Nimrod-ekspedisjonen (engelsk: The British Antarctic Expedition 1907–09, allment kjent som Nimrod Expedition) var den første av tre ekspedisjonar Ernest Shackleton leia til Antarktis. Hovudmålet var å bli først til å nå Sørpolen, i tillegg hadde ekspedisjonen ei rekkje geografiske og andre vitskaplege formål. Ekspedisjonen nådde 88° 23' sørleg breidde, til då det sørlegaste punktet nått av menneske og berre 97 nautiske mil (180 km) frå Sørpolen.[n 1] Ekspedisjonen var den første til å klatre Mount Erebus, den nest høgaste vulkanen i Antarktis, og ei separat gruppe leia av den walisisken-australske geologen og professoren Edgeworth David nådde den berekna posisjonen for den magnetiske sørpolen.

Nimrod-ekspedisjonen fekk verken statleg eller institusjonell støtte, og vart avhengig av private lån og bidrag frå einskildpersonar. Han vart difor hemma av finansielle problem, og førebuingane vart forsert. Skipet til ekspedisjonen, «Nimrod», var under halve storleiken av «Discovery» som Robert Falcon Scott hadde brukt på Discovery-ekspedisjonen 1901–04, og mannskapet til Shackleton mangla relevant røynsle. Det oppstod ei usemje med Scott på grunn av avgjersla til Shackleton om å leggje basen for ekspedisjonen nær det gamle hovudkvarteret til Scott ved McMurdo-sundet, i strid med ein lovnad til Scott om ikkje å gjere det. Sjølv om ekspedisjonen i utgangspunktet heldt ein mykje lågare profil enn ekspedisjonen til Scott seks år tidlegare, trekte resultata seg landsomfattande interesse og gjorde Shackleton til ein nasjonalhelt. Den vitskaplege gruppa utførde omfattande geologiske, zoologiske og meteorologiske undersøkingar. Transportmiddelet til Shackleton, beståande av mandsjuriske ponniar, eit motorkjøretøy og hundesledar, var nyvinningar som trass i avgrensa suksess vart kopiert av Scott den lagnadstunge Terra Nova-ekspedisjonen hans tre år seinare.

Då ekspedisjonen vende heim, overvann Shackleton den tidlegare skepsisen frå Royal Geographical Society og mottok mange offentlege æresvisingar, inkludert riddarskap frå Kong Edward VII. Han oppnådde liten økonomisk gevinst frå denne ekspedisjonen, og var til slutt avhengig av eit offentleg tilskott for å kunne dekke forpliktingane sine.

Det gjekk ikkje meir enn tre år før den sørlege rekorden hans vart slått, då Roald Amundsen den 14. desember 1911 nådde Sørpolen. I sine memoar skreiv Amundsen likevel: «Sir Ernest Shackletons namn vil for alltid stå rissa i den antarktiske historia til forsking med flammande bokstavar».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sørpolforsøket: Shackleton, Scott og Wilson (frå venstre mot høgre) poserer ved avreisa 2. november 1902

Shackleton deltok som underoffiser på Scotts første antarktisekspedisjon frå 1901 til 1903. Under denne ekspedisjonen gjorde Scott saman med Shackleton og Edward Wilson eit mislukka forsøk på å nå Sørpolen. Ifølgje dagboka til Scott vart Shackleton så sjuk av skjørbuk at han måtte transporterast på slede over lengre strekningar under returen mellom 21. og 30. januar 1903.[3][4]

Trass i at Shackleton friskna hurtig til etter at dei var kome til basen ved Hut Point, sende Scott han tilbake til England mot viljen til Shackleton – med ei syltynn grunngjeving om at han var tenesteudyktig.[5] Ein kan berre spekulere i det eigentlege motivet til Scott. Einskilde historikarar, som Beau Riffenburgh og Hugh Robert Mill, ser det som ironisk at den eigenrådige, utålmodige og lite fleksible Scott av alle menneske skulle velje Shackleton som følgjesvein. Karaktermessig var han den rake motsetnaden til Scott, og dessutan lite underdanig.[6] Ekspedisjonsleiaren kan òg ha vore sjalu på den heideren dei andre ekspedisjonsmedlemmene viste Shackleton (spesielt den næraste medarbeidaren til Scott, Edward Wilson).[7] I tillegg skal Scott ha sett det slik at autoriteten hans vart undergrave av at Shackleton stod på vennskapeleg fot med ekspedisjonsdeltakarar utanfor offiserskorpset.[8] Det finst òg belegg for ein konflikt mellom Shackleton og Scott under sørpolferda som Edward Wilson valde å ikkje fortelje om.[9][n 2]

Sir William Beardmore, seinare Lord Invernairn.

Scotts skreiv at Shackleton ikkje «burde utsetjast for ytterlegare slit i den noverande helsetilstanden sin».[10] Shackleton følte dette som eit personleg stigma,[11] og kom tilbake til England fast bestemt på å bevise at han, i orda til nestkommanderande på «Discovery» Albert Armitage, var ein «betre mann enn Scott».[12] Han avslo likevel tilbodet om ein rask retur til Antarktis som førsteoffiser for «Discovery» sin andre avløysingsskip, «Terra Nova», etter å ha hjelpt til med å utstyre henne. Han bidrog òg med å utstyre «Uruguay» som vart førebudd for å frigjere Otto Nordenskjöld sin ekspedisjon som sat fast i Weddellhavet.[12] I løpet av dei neste fem åra, medan han pleidde vona om å ta opp att den antarktiske karrieren sin, søkte Shackleton andre høve, og jobba i 1906 for industrimagnaten Sir William Beardmore som kontaktperson.[13]

Ifølgje biograf Roland Huntford vart stoltheita til Shackletons ytterlegare såra av indikasjonane om det fysiske samanbrotet hans i skildringa til Scott, The Voyage of the Discovery, publisert i 1905. Det vart då det personlege målet hans å returnere til Antarktis og utkonkurrere Scott.[14] Han byrja å sjå etter potensielle støttespelarar for ein ekspedisjon. Dei opphavlege planane finst i eit upublisert dokument datert tidleg i 1906. Desse inneheldt eit kostnadsestimat på £17 000 (2008-verdi ca. £1,3 mill) for heileekspedisjonen.[15][16] Han mottok det første løftet om finansiell støtte då arbeidsgjevarane hans, Beardmore, tidleg i 1907 tilbaud £7 000 i lånegaranti.[16][17] Med dette følte Shackleton seg trygg nok til å kunngjere sine planer overfor Royal Geographical Society (RGS) den 12. februar 1907.[18] Shackleton følte at det hasta, vel vitende om at den polskfødde oppdagaren Henryk Arçtowski òg planla ein ekspedisjon. Denne vart kunngjort for RGS same dag som planane til Shackleton, men denne ekspedisjonen viste seg å ikkje bli noko av.[19]

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Shackletons motorkjøretøy.
Foto: Ernest Henry Shackleton

Innleiande planar[endre | endre wikiteksten]

I sin opphavlege, upubliserte plan så Shackleton for seg å nytte Discovery-ekspedisjonen sitt gamle hovudkvarter ved Hut Point i McMurdo-sundet som hovudbase. Derfrå ville han freiste å nå både den geografiske og den magnetiske sørpolen. Han skisserte òg andre ekspedisjonsgrupper og eit kontinuerleg program for vitskapleg arbeid.[20] Denne tidlege planen viste òg at Shackleton ville bruke ein kombinasjon av hundar, ponniar og eit spesiallaget motorkjøretøy. Korkje ponniar eller motorkjøretøy var prøvt ut i Antarktis tidlegare, men Frederick Jackson hadde nytta ponniar under Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Frans Josefs land i 1894–97. Shackleton var så overtydd om at ponniane eigna seg at han valde å gå inn for femten ponniar som seinare vart redusert til ti. Han valde ponniar trass i uklåre rapportar frå Jackson og i strid med konkrete råd frå Fridtjof Nansen.[21]

Før han offentleggjorde planane sine for RGS i februar 1907 hadde Shackleton revidert kostnadsestimata sine til eit meir realistisk nivå, £30 000 (2008-verdi ca £2,3 mill).[16][22] Responsen frå RGS var derimot laber. Shackleton fekk seinare vite at RGS på denne tida var klar over om at Scott ønskte å leie ein ny ekspedisjon, og at dei ønsket å gje den fulle støtta si til Scott.[22]

«Nimrod»[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå «Nimrod».
Ekspedisjonsskipet «Nimrod» på veg mot Antarktis.

Shackleton planla tilkome i Antarktis i januar 1908, noko som innebar at han måtte forlate England i løpet av sommaren 1907. Han hadde difor seks månader på seg til å sikre finansieringa, skaffe og utruste eit skip, kjøpe alt utstyr og forsyningar, og å rekruttere mannskapet. I trua på at han hadde støtte frå den skotske forretningsmannen Donald Steuart reiste Shackleton i april til Noreg for å kjøpe «Bjørn», ei 700–tonn polarskute som ville ha fungert ideelt som eit ekspedisjonsskip.[23]

Steuart trekte likevel støtta si til ekspedisjonen slik at «Bjørn» ikkje lenger var økonomisk oppnåeleg for Shackleton. «Bjørn» vart til slutt selt til han tyske oppdagaren Wilhelm Filchner, som døypte skuta om til «Deutschland» og nytta han på ferda si til Weddellhavet i 1911–13.[24] Shackleton måtte nøye seg med den eldre og mykje smalare «Nimrod», ein førti år gammal selfangstskute av tre på 334 registertonn,[n 3] som han klarte å skaffe for £5 000 (2008-verdi ca £390 000).[26][27][16]

«Nimrod» kom til London frå Newfoundland i juni 1907, og Shackleton vart sjokkert då han så fartøyet for første gongen: «Ho var veldig nedsliten og lukta sterkt av selolje, og ein inspeksjon [...] viste at ho trong kalfatring og at mastene måtte fornyast.» Men i hendene på erfarne skipsbyggjarar fekk ho raskt «eit meir tilfredsstillande utsjånad». Seinare rapporterte Shackleton at han hadde vorte svært så stolt av det vesle, robuste skipet.[28]

Innsamling[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av juli 1907 hadde ikkje Shackleton skaffa mykje finansiering ut over Beardmores garanti, og mangla middel for å kunne fullføre ombygginga av skipet.[29] I midten av juli oppsøkte han den filantropiske Edward Guinnes, jarl av Iveagh og leiar for den anglo-irske bryggerifamilien, som gjekk med på å garantere for £2 000 føresett at Shackleton fann andre støttespelarar som kunne bidra med ytterlegare £6 000. Shackleton klarte å skaffe beløpet, og dei ekstra midlane inkluderte £2 000 frå Sir Philip Brocklehurst som betalte for å sikre ein plass på ekspedisjonen.[29]

Sjølv om fetteren til Shackleton, William Bell, gav ei gåve på £4 000 i siste augneblink,[30] var ekspedisjonen framleis langt unna dei naudsynte £30 000, men det var no mogeleg å fullføre ombygginga av «Nimrod». Innsamlinga fortsette i Australia etter at skipet nådde fram der. Ytterlegare £5 000 vart gjeve som ei gåve frå regjeringa i Australia og regjeringa på New Zealand medverka med £1 000.[31] På grunn av desse midlane, og saman med andre små lån og donasjoner, vart målet på £30 000 nådd, men dei totale kostnadene ved slutten av ekspedisjonen hadde auka til £45 000 i følgje estimata til Shackleton.[n 4]

Shackleton forventa å gjere store summar på boka si om ekspedisjonen og frå forelesningar. Han hadde òg håpt å tene på sal av spesielle frimerke poststempla det antarktiske postkontoret som Shackleton, utnemnt til mellombels postmeister av New Zealand si regjering, planla å etablere der. Ikkje noko av dette gav dei forventa inntektene, sjølv om postkontoret vart sett opp ved Kapp Royds og brukt for posten til ekspedisjonen.[n 5][34][35]

Personell[endre | endre wikiteksten]

Professor Edgeworth David, som leia den vitskaplege gruppa.

Shackleton håpte å rekruttere ein sterk kontingent frå Discovery-ekspedisjonen og tilbaud den tidlegare kameraten sin Edward Wilson stillinga som sjefsforskar og nestkommanderande. Wilson avslo likevel dette tilbodet og viste til arbeidet sitt i komiteen til landbruksdepartementet for undersøking av rypesjukdom.[36] Avslo gjorde òg dei tidlegare «Discovery»-kollegaene Michael Barne, Reginald Skelton og til slutt George Mulock, som utilsikta hadde avslørt for Shackleton at offiserane på «Discovery» hadde forplikta seg til Scott og hans enno ikkje kunngjorde planar.[36] Dei einaste frå «Discovery» som vart med Shackleton var kvartermesterne Frank Wild og Ernest Joyce. Visstnok hadde Shackleton fått auge på Joyce på toppdekket på ein buss då bussen passerte kontoret til ekspedisjonen i London, og nokre vart sendt for å hente han.[37]

Shackletons nestkommanderande – sjølv om dette ikkje vart avklart før ekspedisjonen nådde Antarktis – var Jameson Boyd Adams, ein løytnant i Royal Naval Reserve som hadde avslått ein offisersutnemning for å bli med Shackleton.[38] Han skulle òg fungere som meteorolog på ekspedisjonen. «Nimrods» kaptein var ein annan reserveoffiser i Royal Naval Reserve, Rupert England. Den 23 år gamle John King Davis, som seinare skulle få sin eigen karriere som kaptein i Antarktis, vart utnemnt til styrmann i siste augneblunken.[39] Aeneas Mackintosh, ein handelsflåteoffiser frå reiarlaget P&O, var opphavleg sett opp som førstestyrmann, men vart seinare flytta over til landgruppa.[31] Andre i landgruppa var dei to kirurgane Allistair Mackay og Eric Marshall, motoreksperten Bernard Day og Sir Philip Brocklehurst, den betalande medlemmen som vart teke med som assisterande geolog.[40]

Douglas Mawson, som tiltredde den vitskaplege gruppa i Australia.

Den vesle vitskaplege gruppa som reiste frå England omfatta òg den 41 år gamle biologen James Murray og den 21 år gamle geologen Raymond Priestley, seinare grunnlegg av Scott Polar Research Institute.[41] To viktige tilføyingar til ekspedisjonen vart gjort i Australia. Den første av desse var Edgeworth David, professor i geologi ved University of Sydney, som vart den viktigaste vitskaplege offiseren til gruppa.[31] Den andre var Davids tidlegare elev Douglas Mawson, lektor i mineralogi ved University of Adelaide. Begge hadde opphavleg planlagt å segle til Antarktis og deretter rett tilbake med «Nimrod», men vart overtalt til å bli fullverdige medlemmar av ekspedisjonen. David hadde vore ein viktig brikke når det gjaldt å sikre bidraget til den australske regjeringa på £5 000.[31] Før avreisa til Antarktis i august 1907 tok Joyce og Wild eit lynkurs i trykkemetodar; Shackleton hadde som intensjon å utgje ei bok eller eit blad medan dei var i Antarktis.[42]

Eit løfte til Scott[endre | endre wikiteksten]

Robert Falcon Scott

Shackleton si kunngjering i februar 1907 om at han akta å leggje basen for ekspedisjonen sin ved det gamle hovudkvarteret til «Discovery» vart kommentert av Scott, som på dette tidspunktet ikkje hadde offentleggjort planane sine om ein ny ekspedisjon. I eit brev til Shackleton hevda Scott rettar til McMurdo-sundet. «Eg følar eg har ei slags rett til mitt eige arbeidsområde» skreiv han, og la til: «kvar og ein som har hatt med utforsking å gjere vil sjå på dette området hovudsakleg som mitt». Han avslutta med å minne Shackleton på om plikta hans og lojalitet overfor sin tidlegare overordna.[43]

Shackletons første svar var imøtekomande: «Eg ynskjer å følgje synspunktet ditt så langt som mogleg utan å hamne i ein posisjon som vil vere uhaldbar for meg sjølv».[43] Likevel tok Edward Wilson, som var spurt av Shackleton om å mekle, ei tøffare linje enn Scott. «Eg synest du burde trekkje deg frå McMurdo-sundet» skreiv han, og rådde Shackleton til ikkje å leggje nokre planar om å arbeide frå noko stad i området ved Rosshavet før Scott hadde avgjort «kva for grenser han sette på sine eigne rettar».[43] Til dette svarte Shackleton: «Det er ingen tvil i mi sjel om at rettane hans endar med basen han bad om [...] Eg reknar å ha nådd grensa mi og eg går ikkje lengre».[43]

Saka var framleis uløyst då Scott vende tilbake frå teneste på sjøen i mai 1907. Scott pressa på for å trekkje ei linje med avgrensing ved 170 °V – alt vest for den linja, inkludert Ross Island, McMurdo-sundet og Victoria Land, skulle vere reservert for Scott. Shackleton, som hadde andre uroer hengjande over seg, følte seg forplikta til å gå med på dette. Den 17. mai underteikna han ei fråsegn som sa at «eg overlèt McMurdobasen til deg»,[43] og at han skulle søkja land lengre aust, anten ved Hvalbukta, som vart avlagt ei kort vitjing under Discovery-ekspedisjonen, eller ved King Edward VII Land. Han skulle ikkje røre kysten av Victoria Land i det heile.[43]

Dette var ein kapitulasjon overfor Scott og Wilson, og tydde at dei måtte gje opp målet til ekspedisjonen om å nå den magnetiske sørpolen i Victoria Land.[43] Polarhistorikaren Beau Riffenburgh meiner dette var «ein lovnad som etisk sett aldri skulle ha vore kravd og som aldri skulle ha vorte gjeve, så stor påverknad som det kunne ha på heile tryggleiken til ekspedisjonen til Shackleton».[43] Denne tvisten forsura tilhøvet mellom dei to mennene, og førde til fullstendig brot mellom Shackleton og den tidlegare venen Wilson.[44] Dei heldt likevel ein høfleg tone offentleg.

I skildringa si om ekspedisjonen nemner ikkje Shackleton krangelen med Scott. Han fastslår berre at «før vi forlét England hadde eg avgjort at viss mogleg ville eg etablere basen min i King Edward VII Land i staden for [...] McMurdo-sundet».[45]

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Reisa sørover[endre | endre wikiteksten]

Etter at skipa var inspisert av kong Edvard VIII og dronning Alexandra, segla «Nimrod» av stad den 11. august 1907.[46] Shackleton vart igjen på grunn av forretningar i samband med ekspedisjonen, og han og andre medlemmar følgde etter i raskare skip. Heile følgjet vart samla i New Zealand, klåre for avgangen til skipet til Antarktis på første nyårsdagen 1908. For å spare verdifullt drivstoff hadde Shackleton ordna med den newzealandske regjeringa at «Nimrod» skulle slepast ut til den antarktiske sirkel, ein avstand på om lag 1 400 nautiske mil (2 600 km),[47] og at kostnadene med slepinga skulle delast mellom regjeringa og Union Company.[48] Den 14. januar vart slepet avslutta, og dei hadde då dei første isfjella innanfor synsvidde.[48] «Nimrod» fortsette sørover for eigen maskin mot den flytande pakkisen, med kurs mot barrierefjorden der «Discovery» seks år tidlegare hadde lege medan Scott og Shackleton hadde utført eksperimentelle ballongflygingar.[49]

Barrieren (seinare kjent som Rossbarrieren) vart observert den 23. januar, men innløpet hadde forsvunnet. Kanten av barrieren hadde endra seg mykje dei siste åra, og den delen der innløpet var hadde brote seg laus slik at det var blitt danna ei stor bukt. Shackleton gav denne namnet Hvalbukta på grunn av dei mange kvalane som vart sett der.[50] Shackleton var ikkje førebudd på å risikere ei overvintring på ei barriereoverflate som kanskje kunne kalve ut i sjøen, så han sette kursen mot King Edward VII Land. Etter fleire forsøk på å nærme seg kysten av King Edward VII Land, og med raskt flyttande is som trua med å stenge skipet inne, var «Nimrod» tvungen til retrett. Det einaste valet Shackleton no hadde, anna enn å gje opp målet til ekspedisjonen, var å bryte løftet han hadde gjeve Scott. Den 25. januar gav han ordre til at skipet skulle sette kursen mot McMurdo-sundet.[50]

Kapp Royds[endre | endre wikiteksten]

Etablering av basen[endre | endre wikiteksten]

Hytta ved Kapp Royds.
Foto: Mila Zinkova

Ved tilkome i McMurdo-sundet den 29. januar 1908 var innseglinga mot Discovery-basen ved Hut Point blokkert av havis. Shackleton avgjorde å vente eit par dagar i voner om at isen skulle bryte opp. I løpet av ventetida kom førsteoffiseren Aeneas Mackintosh ut for ei ulukke som førde til at han mista høgre auge. Etter at Marshall og Mackay utførde ein akutt operasjon, vart Mackintosh tvungen til å gje avkall på plassen i landgruppa og returnerte med «Nimrod» til New Zealand. Han vart likevel tilstrekkeleg restituert til å vende tilbake med skipet den påfølgjande sesongen.[51]

Den 3. februar vedtok Shackleton å ikkje vente på at isen skulle sprekke opp, men i staden setje opp hovudkvarteret ved det næraste moglege landgangsstaden, Kapp Royds. Seint om kvelden vart skipet fortøydd, og dei fann ein eigna stad for den prefabrikkerte hytta til ekspedisjonen. Staden låg 20 nautiske mil (37 km) frå Hut Point via sjøvegen, og utan ei mogleg rute over land. Utover uttrykte Shackleton at gruppa var «heldige som fekk vinterkvarteret såpass nær startpunktet [for ferda] mot sør»,[52] men privat var han redd for at sjøen ikkje skulle fryse tilstrekkeleg til at gruppa kunne krysse han og byrje ferda den følgjande våren.

Dei påfølgjande dagane vart forsyningar og utstyr ført i land. Dette arbeidet vart vanskeleg på grunn av dårleg vêr og fordi kaptein England var forsiktig, då han stadig tok skipet ut i bukta i påvente av at istilhøva ved landsettingsstaden – etter meininga hans – skulle betre seg.[53] Dette gjentok seg regelmessig dei neste fjorten dagane, og førde til ei skarp usemje mellom Shackleton og kapteinen. På eit punkt bad Shackleton kapteinen om å bruke sjukdom som grunngjeving for å gå av, noko kapteinen nekta. Oppgåva med å losse skipet vart ifølgje Riffenburg si skildring «latterleg vanskeleg»,[53] men vart omsider fullført 22. februar. «Nimrod» seglte tilslutt nordover, med kaptein England uvitende om at ingeniøren Harry Dunlop hadde med seg eit brev til agenten til ekspedisjonen i New Zealand der Shackleton bad om ein ny kaptein på returreisa neste år. Dette var ein offentleg løyndom hos landgruppa. Marshall skreiv i dagboka si at han var «glad for å ha sett det siste av [England] ... heile greia ein forbanna skamplett i namnet til landet vårt!»[54]

Klatringa av Mount Erebus[endre | endre wikiteksten]

Mackay, Marshall, Adams og David (frå venstre mot høgre) på toppen av Mt. Erebus 9. mars 1908

Etter «Nimrod» si reise braut havisen opp og skar av vegen til gruppa til barrieren, og dermed vart førebuande sledekjøring og utlegging av depot umogeleg å gjennomføre. Shackleton valte å gje ekspedisjonen noko å bryne seg på ved å setje i gang eit forsøk på å klatre Mount Erebus.

Mount Erebus
Foto: Jeanie Mackinder

Dette fjellet, med ei høgd på 3794 moh., hadde aldri tidlegare vorte klatre. Ei gruppe frå Discovery-ekspedisjonen, blant andre Frank Wild og Ernest Joyce, hadde utforska foten av fjellet i 1904, men hadde ikkje vore høgare enn rundt 900 m. Korkje Wild eller Joyce deltok i gruppa som no skulle freiste å bestige Erebus. Gruppa bestod av Edgeworth David, Douglas Mawson og Alistair Mackay, medan Marshall, Adams og Brocklehurst skulle danne ei støttegruppe. Den 5. mars byrja klatringa.[55]

Den 7. mars var dei to gruppene saman på rundt 1700 m og alle avanserte mot toppen. Dagen etter vart heile gruppa hindra av ein snøstorm, men tidleg 9. mars fortsette klatringa; seinare den dagen vart toppen av det lågarliggande hovudkrateret nådd.[55] På dette tidspunktet var føtene til Brocklehurst så frostskadde at han ikkje kunne fortsetje. Han vart verande igjen mens dei andre fortsette mot det aktive krateret, som dei nådde etter fire timar. Fleire meteorologiske eksperiment vart utført og mange steinprøver vart samla inn, før dei gjorde ei rask nedstiging hovudsakleg ved å skli ned snøbakkene. I følgje Eric Marshall var gruppa «nærast død» då ho nådde hytta ved Kapp Royds den 11. mars.[55]

Vinteren 1908[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonshytta, ei prefabrikkert hytte som målte 33×19 fot (10×5,8 m), var klår til bruk i slutten av februar. Han var oppdelt i ei rekkje dobbeltrom, og med eit kjøkkenområde, eit mørkerom, lager og eit laboratorium. Ponniane vart plassert i stallar bygd på den mest skjerma sida av hytta, medan hundehusa vart plassert nær trammen.[56] Shackleton sin inkluderande leiarstil, i motsetnad til Scott, tydde inga avgrensing mellom leiarane og resten av gruppa – alle budde, jobba og åt saman. Ifølgje geologassistenten Philip Brocklehurst var moralen høg, og han skreiv at Shackleton «hadde ei evne til å handsame kvart enkelt medlem av ekspedisjonen som om han var verdifull for han».[57]

I dei påfølgjande månadene med vintermørke skreiv Joyce og Wild opp mot 100 kopiar (eksakt tal er ukjent) av boka til ekspedisjonen, Aurora Australis, og av desse vart 25–30 kopiar sydde og bundne ved å bruke emballasjematerial.[58][59] Det viktigaste vinterarbeidet var likevel førebuingane til den følgjande sesongen sin store reiser, som inkluderte forsøk på å nå både den geografiske og den magnetiske sørpolen. Ved å leggje basen i McMurdo-sundet kunne Shackleton igjen ha den magnetiske sørpolen som eit mål for ekspedisjonen. Shackleton sjølv skulle leie sørpolferda. Det var likevel eit alvorleg tilbakeslag at fire av dei gjenverande ponniane døydde i løpet av vinteren, hovudsakleg fordi dei hadde ete salthaldig vulkansk sand.[55]

Den sørlege ferda[endre | endre wikiteksten]

Spora til høgre viser Shackleton si rute i 1908–09 til 88°23'S. Til venstre ser ein til samanlikning Amundsen si rute til Sørpolen i 1911.

Fremstøtet mot Sydpolen[endre | endre wikiteksten]

At Shackleton valde eit firemannslag for ferda mot Sørpolen kom i stor grad av talet på gjenlevande ponniar. Basert på røynslene sine frå Discovery-ekspedisjonen hadde Shackleton sett lita si til ponniar framfor hundar for den lange ferda..[60] Motorkjøretøyet som gjekk godt på flat is kunne ikkje brukast på overflata av barrieren, og vart ikkje vurdert for denne ferda.[61] Mennene Shackleton valde til å følgje han var Marshall, Adams og Wild. Joyce, som med unntak av Wild var den med lengst røynsle i Antarktis, vart ikkje plukka ut då Marshall si medisinske undersøking reiste tvil om den fysiske forma hans.[62]

Ferda byrja han 29. oktober 1908, og Shackleton hadde berekna avstanden fram og tilbake til Sørpolen til omtrent 1 494 nautiske mil (2 767 km).

Den opphavlege planen hans tillét dei å bruke 91 dagar tur/retur, noko som kravde ein gjennomsnittleg distanse på omtrent 16 nautiske mil (30 km) dagleg.[63] Etter ein treig start grunna ein kombinasjon av dårleg vêr og halte ponniar, reduserte Shackleton den daglege matrasjonen slik at den totale tilgjengelege reisetida vart 110 dagar. Dette kravde eit kortare dagleg gjennomsnitt på om lag 13,5 nautiske mil.[64] Mellom 9. og 21. november hadde dei god fremdrift, men ponniane leid under den vanskelege overflata på barrieren og den første av dei fire måtte skytast då gruppa nådde 81°S. Den 26. november vart ein ny sørleg rekord sett då dei passerte 82° 17' som Scotts sørlege gruppe nådde i desember 1902.[65] Shacletons gruppe tilbakela avstanden på 29 dagar samanlikna med Scotts 59 dagar ved å bruke ei rute langt austom ruta til Scott. Dei valde denne ruta for å unngå dei problema med ulendt terreng som tidlegare ekspedisjonar hadde opplevt.[66]

Etter kvart som gruppa flytta seg inn i ukjent terreng vart barriereoverflata meir ujamn og opprive. Ytterlegare to ponniar bukka under for presset. Fjella i vest bua seg rundt dei og blokkerte ruta vidare sørover, og merksemda til gruppa vart retta mot eit «skimrande glimt av ljos» på himmelen føre dei.[67] Grunnen til dette fenomenet vart klard den 3. desember då dei etter ei klatring opp foten av fjellkjeden fekk sjå det Shackleton seinare skildra som «ein open veg mot sør, [...] ein stor isbre som gjekk nestan frå sør til nord mellom to store fjellkjeder».[68] Refleksjonen av overflata til breen hadde skapt det store isblinket som tidlegare vart observert på himmelen.

Beardmorebreen, oppdaga av Shackletons sørlege gruppa 3. desember.
Foto: Jim Waldron, National Science Foundation

Shackleton døypte denne breen «Beardmore» etter hovudsponsoren til ekspedisjonen, Sir William Beardmore. Ferda over breen viste seg å bli ei utfordring, spesielt for den gjenverande ponnien «Socks», som hadde store problem med å finne sikkert fotfeste. Den 7. desember forsvann Socks ned i ein djup bresprekk, og var nær ved å ta Wild med i fallet. Heldigvis for gruppa sleit selen til ponnien seg, og sleden som inneheldt forsyningane vart verande på overflata. Men for resten av ferda sørover og heile heimturen måtte dei no stole på menneskeleg trekkraft.[69]

Sidan ferda fortsette voks dei personlege motsetnadene, og Wild uttrykte eit personleg ynskje om at Marshall skulle «falle ned ein bresprekk omtrent tusen fot djup».[70] Marshall skreiv at å følgje Shackleton mot Sørpolen var «som å følgje ei gammal kvinne. Alltid panikk».[71] Likevel vart første juledagen feira med crème de menthe og sigarar. Posisjonen deira var 85°51′S, framleis 249 nautiske mil (461 km) frå Sørpolen, og dei bar no på ein knapp månads matforsyning sidan dei hadde lagra resten i depot for heimturen.[71] Dei kunne ikkje dekke den gjenverande avstanden til Sørpolen og tilbake med denne mengda av mat.[72] Shackleton var likevel ikkje klår for å innrømme at målet om Sørpolen var tapt, og avgjorde seg for å gå vidare ved å kutte matrasjonene ytterlegare og dumpe alt bortsedd frå det viktigaste utstyret.[73]

Andre juledag vart oppstigingena av breen endeleg fullført, og marsjen på polarplatået byrja. Tilhøvet gjorde det likevel ikkje lett, og Shackleton skildra 31. desember som den «hardaste dagen vi nokosinne har hatt».[74] Neste dag noterte han at etter å ha nådd 87°6½′S hadde dei slege rekorden både for Nordpolen og Sørpolen[n 6] Den dagen skreiv Wild at «om me berre hadde hatt Joyce og Marston her føre dei to irriterande unyttige tiggarane...» (Marshall og Adams) «...Ville vi ha klart det [Sørpolen] lett.»[76] Den 4. januar innrømde Shackleton omsider nederlaget, og reviderte målet til å kome innanfor symbolske 100 nautiske mil frå Sørpolen.[77] Gruppa sleit seg videre på grensa til overleving,[78] fram til 9. januar, då ho etter eit siste stykke utan sledar avslutta ferda. «Me har tatt oss heilt ut» skreiv Shackleton, «og talet er 88°23′S».[79] Dei var 97 nautiske mil fra Sørpolen. Det britiske flagget vart behørig planta og Shackleton namngav polarplatået etter Kong Edward VII.[n 7]

Tilbaketuren[endre | endre wikiteksten]

På tilbaketuren. Gruppen har nådd eit depot på Rossbarrieren.
Foto: Ernest Henry Shackleton

Gruppa returnerte heimover etter 73 dagars ferd sørover. Rasjonane hadde vorte redusert fleire gonger for å forlenge ferda utover det opphavlege estimatet på 110 dagar. Shackleton tok no sikte på å nå Hut Point i løpet av 50 dagar, fordi i følgje Shackletons føregåande ordrar skulle «Nimrod», etter å ha returnert for å hente ekspedisjonen heim, reise seinast 1. mars. Dei fire mennene var no meir eller mindre fysiske vrak,[81] men på veg nordover gjennomførde dei imponerande dagsmarsjar og nådde kanten av breen 19. januar.[81] Då dei byrja nedstigningen hadde dei mat til fem dagar med halv rasjon som skulle vare fram til depotet i nedste delen av breen;[81] under oppstigningen hadde den same distansen teke 12 dagar. Den fysiske helsa til Shackleton vart no til stor uro, men «jo vondare han følte seg, desto hardare trekte han» ifølgje Adams.[81]

Depotet vart nådd 28. januar. Wild, som var sjuk av dysenteri, var ikkje i stand til å dra eller ete noko anna enn kjeks, og kjeks var mangelvare. Den 31. januar pressa Shackleton sin eigen frokostkjeks på Wild, ein gest som fekk Wild til å skrive: «Gud, eg skal aldri gløyme. Tusenvis av pund kunne ikkje ha kjøpt den eine kjeksen».[82] Nokre dagar seinare vart resten av gruppa slått ut av alvorleg enteritis etter å ha ete bederva ponnikjøt. Trass i dette måtte dei enno oppretthalde fremdrifta; under marsjen mellom depota hadde dei med så lite mat at ei forseinking kunne bli fatal. Til alt hell gjorde sterk vind det mogleg å bruke vindsegl for å halde ein god marsjfart.[83]

Wild, Shackleton, Marshall og Adams ombord på «Nimrod» etter den sørlege ferda.

«Vi er så tynne at beina verkjer når vi ligg på den harde snøen», skreiv Shackleton.[84] Frå 18. februar og framover byrja dei å plukke opp kjende landemerke, og den 23. februar nådde dei Bluffdepotet, som til deira store lettelse hadde vorte rikeleg fylt opp av Ernest Joyce. Utvalet av delikatesser utover kassane med vanlege forsyningar vart lista opp av Shackleton: «Carlsbadplommer, egg, kaker, plum pudding, ingefærbrød og kandisert frukt».[85] Wilds lakoniske kommentar var «Gode gamle Joyce».[86]

Matproblemene var no løyst, men dei måtte framleis kome seg tilbake til Hut Point før fristen den 1. mars. Den siste etappen av ferda vart avbrote av ein snøstorm som tvinga dei til å halde seg i leieren i 24 timar. Den 27. februar, framleis 33 nautiske mil (61 km) unna tryggleik, kollapsa Marshall. Shackleton avgjorde då at han og Wild skulle gjere eit forsøk på å nå Hut Point i voner om å finne skipet og halde det igjen fram til dei to andre var vorte redda. Dei nådde hytta seint den 28. februar.[87] I voner om at skipa var i nærleiken freista de å få merksemda deira ved å setje fyr på ei lita trehytte som vart brukt til magnetiske observasjonar.[88] Kort tid etter kom «Nimrod», som hadde ankra opp ved bretunga, til syne: «Ikkje noko gladare syn hadde nokosinne møtt auga til ein mann» skreiv Wild seinare.[88] Det tok ytterlegare tre dagar før Adams og Marshall kunne bli henta ut frå barrieren, men den 4. mars var heile den sørlege gruppa ombord og Shackleton kunne beordre full fart nordover.[88]

Den nordlege gruppa[endre | endre wikiteksten]

Under førebuingane til den sørlege ferda gav Shackleton instruksjonar til Edgeworth David om å føre ei nordleg gruppe til Victoria Land for å utføre magnetiske og geologiske arbeid. Gruppa skulle freiste å nå den magnetiske sørpolen, og skulle utføre ei full geologisk undersøking i McMurdo Dry Valleys.[n 8] Gruppa til David bestod omfram av han sjølv av Douglas Mawson og Alistair Mackay. Dei skulle nytte seg av menneskeleg trekkraft, og hundane vart igjen i basen for å bli brukt til utlegging av depot og anna rutinearbeid.[90] Gruppa hadde ordrar om å plante Union Jack på den magnetiske sørpolen og å ta Victoria Land for Det britiske imperiet.[91] Etter fleire dagar med førebuingar starta dei ferda 5. oktober 1908, og dei vart trekt dei første kilometrane av motorkjøretøyet.[92]

Frå høgre til venstre: Mackay, David og Mawson ved den magnetiske sørpolen 17. januar 1909.

På grunn av tilstanden til sjøisen og dårleg vêr var fremdriften veldig liten i starten. Ved utgangen av oktober hadde dei kryssa McMurdo-sundet og avanserte 60 miles (100 km) oppover den vanskelege kysten av Victoria Land, der dei hadde vedteke å konsentrere alle forsøka sine på å nå den magnetiske sørpolen.[93] Etter traverseringen av Nordenskiöld istunge og den forræderske Drygalski-tunga var dei endeleg i stand til å forlate kysten og svinge nordvest, mot den omtrentlege plasseringa til den magnetiske sørpolen. Før dette hadde David eit uhell då han fall ned i ein bresprekk, men vart redda av Mawson.[94][95]

Vegen opp til innlandsplatået gjekk via ein labyrintisk isbre (seinare namngjeven Reevesbreen etter Royals Geographical Societys kartkurator),[96] som førte dei til ei hard overflate av snø den 27. desember.[95] Dette gjorde dei i stand til å flytte seg raskare framover, med ein fart på om lag 10 nautiske mil (18,5 km) dagleg, medan dei gjorde magnetiske observasjonar. Den 16. januar viste desse observasjonane at dei var om lag 13 nautiske mil (24 km) frå den magnetiske sørpolen. Neste dag, 17. januar, nådde dei målet sitt og fastsette plasseringa til den magnetiske sørpolen til 72° 15'S, 155° 16'Ø i ei høgd 7 260 fot (2 210 m). I ein dempa seremoni tok David formelt området under det britiske imperiet sitt statsvelde.[95]

Utslitne og med lite mat stod gruppa overfor ei tilbakereise på 250 nautiske mil (460 km) med berre 15 dagar att viss dei skulle rekkje det førehandsavtalte møtet med «Nimrod» ved kysten. Trass i den stadig veikte fysiske tilstanden opprettheldt dei dei daglege distansane sine, og den 31. januar var dei 16 nautiske mil (30 km) frå det avtalte møtepunktet. Dårleg vêr førde likevel til at dei vart forseinka, og nådde ikkje møtestedet før 2. februar. Den natta passerte «Nimrod» dei i eit heftig snøvær, ute av stand til å finne leiren.[95] To dagar seinare, etter at «Nimrod» hadde snudd sørover att, vart likevel gruppa oppdaga frå skipet. Dei var no i stand til å karre seg ombord i tryggleik, sjølv om Mawson fall 18 fot (5,5 m) ned i ein bresprekk i kaoset med å kome seg ombord. Gruppa hadde reist i fire månader og gjekk i dei same kleda som dei hadde hatt ved reise frå Kapp Royds; visstnok var «dufta overveldande».[97] Før denne opphentinga hadde «Nimrod» plukka opp ei gruppe som bestod av Priestley, Brocklehurst og Bertram Armytage som hadde utført geologiske arbeid i området ved Ferrarbreen.[97]

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Sir Ernest Shackleton: «Det Nansen er for nord, er Shackleton for sør»Roald Amundsen.

Den 23. mars 1909 nådde Shackleton New Zealand og skreiv ein rapport på 2 500 ord til Daily Mail i London, som han hadde ein eksklusiv kontrakt med.[98] Frå polarforskarar, mellom anna Nansen og Amundsen, mottok Shackleton anerkjenning og generøs ros, medan responsen frå Royal Geographical Society var meir avmålt. Den tidlegare presidenten, Sir Clements Markham, uttrykte privat mistru til at Shackleton hadde nådd så langt sør.[99] Då Schackleton den 14. juni kom til Charing Cross stasjon i London vart han derimot møtt av RGS-president Leonard Darwin, ein heller motvillig kaptein Scott og ei stor, begeistra folkemengd.[100]

Grunnen til at det vart stilt tvil om den sørlegaste posisjonen, var at etter 3. januar vart alle berekningar av posisjonane utført etter bestikkrekning som baserer seg på retning, fart og medgått tid. Den siste observasjonen den 3. januar hadde gjeve breddegraden som 87°22′. Tabellen til Shackleton over distansar viser at dei over dei neste tre dagane dekte ein avstand på litt over 40 nautiske mil (74 km) for å nå eit estimert 82°7' den 6. januar, før dei vart stoppa i to dager av ein snøstorm. Den 9. januar viser tabellen at gruppen reiste frå den siste leiren sin og ytterlegare 16 nautiske mil (30 km) for å nå det sørlegaste punktet sitt, og den same distansen tilbake til leiren.[101] Denne avstanden på éin og same dag var langt meir enn for nokon annan etappe på ferda. Shackleton forklarte at dette var ei strekning «halvt springande, halvt gåande», uhemma av sleden eller annet utstyr.[79] Kvar av dei fire mennene stadfesta trua si på den oppnådde breiddegraden uavhengig av kvarandre, og ingen oppgav seinare noko grunn til at orda hans kunne trekkast i tvil.[102]

Shackleton fekk raskt offisiell anerkjenning då han vart utnemnt Commander of the Royal Victorian Order av kongen, som seinare tildelte ridderskap.[103] RGS tildelte han ein gullmedalje, riktignok med ein reservasjon: «Vi vil ikke foreslå å lage medaljen så stor som den som ble tildelt kaptein Scott», vart det uttalt frå offisielt hald.[104] Sjølv om var ein helt i publikum sine auge, fekk ikkje Shackleton den rikdommen han hadde venta. Dei aukte kostandane ved ekspedisjonen og trongen for å møte lånegaranti gjorde at han måtte reddast frå finansiell audmjuking ved eit statleg stipend på £20 000.[105]

«Farthest South»-rekorden som Nimrod-ekspedisjonen sette stod i mindre enn tre år, til Amundsen nådde Sørpolen 14. desember 1911. For si banebrytende bedrift mottok Shackleton hyllest frå Amundsen: «Det Nansen er for nord, er Shackleton for sør».[106] Deretter vart ambisjonane til Shackleton for Antarktis løyst med ei transkontinental kryssing som han prøvde på utan hell med Endurance-ekspedisjonen i 1914–17. Statusen hans som ein leiande figur i den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking var derimot sikra. Andre medlemmar av Nimrod-ekspedisjonen oppnådde òg ry og posisjoner i dei komande åra. Edgeworth David, Adams, Mawson og Priestley mottok alle til slutt riddarskap, og dei to siste fortsette sine polare arbeid på seinare ekspedisjoner, sjølv om ingen av dei drog sørover med Shackleton igjen. Mawson leia den australasiatiske antarktisekspedisjonen i 1911–13, og Priestley var ein del av det vitskaplege laget til Terra Nova-ekspedisjonen. Frank Wild var nestkommanderende for «sjefen» på Endurance-ekspedisjonen og på den korte Shackleton-Rowett-ekspedisjonen, der han tok over kommandoen etter Shackleton døydde på Sør-Georgia i 1922.[107] Ti år etter returen frå Antarktis vart «Nimrod» knust til pinneved i Nordsjøen etter å ha gått på grunn ved Barber Sands utanfor kysten av Norfolk den 31. januar 1919. Berre to av mannskapet på tolv overlevde.[108]

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Dei fleste skildringane av ekspedisjonen gjev avstanden «97 miles» uten å oppgje tilsvarande i engelske miles; symbolikken av å vere innanfor 100 miles frå Sørpolen vart sett på som viktig av alle.[1]
  2. Shackleton hadde blitt med Scott og Edward Wilson på ei reise sørover i 1902–03, for å sette ein rekord i sørleg breidde ved 82°17′S. Alle tre leid både av utmatting og truleg byrjande skjørbuk under tilbaketuren til basen, men Shackleton var verst råka.[3]
  3. «Nimrod» var mindre enn halvparten så stor som «Discovery», eit nybygd skip på 726 registertonn som blei brukt av Scott under Discovery-ekspedisjonen i 1901–04.[25]
  4. Det førte til at den britiske regjeringa måtte garantere for £20 000 slik at Shackleton kunne svare sine garantistar, og det er trudd at enkelte av låna vart avskrivne.[32]
  5. Eit antarktisk postkontor hadde blitt etablert på Sør-Orknøyane i 1904 ved Orcadas meteorologiske stasjon, satt opp av William Speirs Bruce sin Scotica-ekspedisjon.[33]
  6. Den nordlege referansen var til Peary, som på det tidspunktet hadde den nordlege rekorden på 87°6′N.[75]
  7. Tre år senere på veg til Sørpolen namngav Amundsen det same platået etter Kong Haakon av Norge.[80]. Ingen av namna har overlevd på moderne kart.
  8. Området med dei tørre dalane (snøfrie) i dei vestlege fjella hadde blitt oppdaga under den vestlege reisa til Scott i 1903, men hadde enno ikkje blitt ordentleg undersøkt.[89]
Referansar
  1. Huntford, s. 269.
  2. Amundsen, s. 486.
  3. 3,0 3,1 Preston, s. 65–66.
  4. Riffenburgh (2006), s. 156.
  5. Riffenburgh (2006), s. 126.
  6. Riffenburgh (2006), s. 117.
  7. Riffenburgh (2006), s. 105.
  8. Riffenburgh (2006), s. 104.
  9. Riffenburgh (2006), s. 124.
  10. Preston, s. 68.
  11. Huntford, s. 117.
  12. 12,0 12,1 Huntford, s. 120–121.
  13. Fisher, s. 99.
  14. Huntford, s 145.
  15. Fisher, s. 103.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Measuring Worth (engelsk).
  17. Huntford, s. 156.
  18. Shackleton, s. 2–3.
  19. Riffenburgh (2005), s. 108–110.
  20. Fisher, s. 102.
  21. Huntford, s. 171–172.
  22. 22,0 22,1 Huntford, s. 158–161.
  23. Huntford, s. 156–157.
  24. Huntford, s. 339.
  25. Paine, s. 102.
  26. Shackleton, s. 5–11.
  27. Huntford, s. 175.
  28. Shackleton, s. 11.
  29. 29,0 29,1 Huntford, s. 178–179.
  30. Huntford, s. 183.
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Riffenburgh (2005), s. 138–141.
  32. Huntford, s. 314–315.
  33. Speak, s. 92.
  34. Huntford, s. 312.
  35. Fisher, s. 128.
  36. 36,0 36,1 Riffenburgh (2005), s. 109–111.
  37. Riffenburgh (2005), s. 125–126.
  38. Riffenburgh (2005), s. 133.
  39. Riffenburgh (2005), s. 123–125.
  40. Shackleton, s. 17–18.
  41. Riffenburgh (2005), s. 134 og s. 303.
  42. Fisher, s. 121.
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 43,4 43,5 43,6 43,7 Riffenburgh (2005), s. 110–116.
  44. Riffenburgh (2005), s. 292–293.
  45. Shackleton, s. 2–3.
  46. Shackleton, s. 20.
  47. Riffenburgh (2005), s. 148.
  48. 48,0 48,1 Riffenburgh (2005), s. 144–145.
  49. Fisher, s. 32–33.
  50. 50,0 50,1 Riffenburgh (2005), s. 151–153.
  51. Shackleton, s. 52–53.
  52. Shackleton, s. 52–56.
  53. 53,0 53,1 Riffenburgh (2005), s. 161–167.
  54. Riffenburgh (2005) s. 170–171.
  55. 55,0 55,1 55,2 55,3 Riffenburgh (2005), s. 171–177.
  56. Shackleton, s. 81–91.
  57. Riffenburgh (2005), s. 185.
  58. Mills, s. 65.
  59. Frank Wild, by Leif Mills (engelsk) (pdf).
  60. Mills, s. 67.
  61. Huntford, s. 237–238.
  62. Huntford, s. 234–235.
  63. Riffenburgh (2005), s. 201.
  64. Shackleton, s. 153.
  65. Shackleton, s. 171.
  66. Riffenburgh (2005), s. 193.
  67. Mills, s. 80, siterer Frank Wilds dagbok.
  68. Shackleton, s. 180.
  69. Riffenburgh (2005), s. 208–209 og s. 221–222.
  70. Mills, s. 93, siterer Frank Wilds dagbok.
  71. 71,0 71,1 Huntford, s. 263–264.
  72. Riffenburgh (2005), s. 226.
  73. Shackleton, s. 200.
  74. Shackleton, s. 204.
  75. Shackleton, s. 205.
  76. Mills, s. 96.
  77. Shackleton, s. 207.
  78. Huntford, s. 270.
  79. 79,0 79,1 Shackleton, s. 210.
  80. Amundsen, s. 491
  81. 81,0 81,1 81,2 81,3 Riffenburgh (2005), s. 251–261.
  82. Mills, s. 108, siterer Frank Wilds dagbok.
  83. Riffenburgh (2005), s. 258.
  84. Shackleton, s. 221.
  85. Shackleton, s. 223.
  86. Riffenburgh (2005), s. 261.
  87. Riffenburgh (2005), s. 262–263.
  88. 88,0 88,1 88,2 Riffenburgh (2005), s. 274–278.
  89. Crane, s. 270.
  90. Huntford, s. 238.
  91. Shackleton, s.260–262.
  92. Shackleton, s. 265.
  93. Riffenburgh (2005), s. 238.
  94. Shackleton, s. 291–292 (Davids beretning)
  95. 95,0 95,1 95,2 95,3 Riffenburgh (2005), s. 241–249.
  96. Riffenburgh (2005), s. 293.
  97. 97,0 97,1 Riffenburgh (2005), s. 269–273.
  98. Riffenburgh (2005), s. 279.
  99. Huntford, s. 308.
  100. Riffenburgh (2005), s. 286.
  101. Shackleton, s. 362.
  102. Riffenburgh (2005), s. 294.
  103. Huntford, s. 315.
  104. Riffenburgh (2005), s. 289–290.
  105. Riffenburgh (2005), s. 290.
  106. Riffenburgh (2005), s. 300.
  107. Riffenburgh (2005), s. 302–303.
  108. Riffenburgh (2005), s. 306–307.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nimrod-ekspedisjonen